
Videosamtalen din går via havbotnen, og OMS treng fleire skip for å halde tritt
Neste gong du tek ein videosamtale med nokon på andre sida av jorda, går han truleg gjennom ein kabel på havbotnen. Behovet for slike kablar aukar raskt, og OMS Group bygger ut flåten for å halde tritt. To av dei fire nye kabelleggingsfartøya deira blir bygde i samarbeid med Ulstein.





