Ulstein

Megamas skriv kontrakt med Ulstein Design & Solutions AS om design til kabelleggingsfartøy

4. juni 2025: Megamas Resources har skrive ein skipsdesignkontrakt med Ulstein Design & Solutions AS for å starte opp engineering (detaljdesign) av eit fiberoptisk kabelleggingsfartøy (CLV), planlagt for bygging ved Lloyd Werft Bremerhaven GmbH. 

Kaptein Tiew Sien Kheng, managing partner i Megamas, fortalde om kontrakten på Ulstein sin stand på Nor-Shipping-messa i dag.

- Kontrakten markerer ein viktig milepæl etter intensjonsavtalen (LOI) som vart signert i mai mellom Megamas og Lloyd Werft, og legg til rette for den moglege bygginga av eit toppmoderne, fleirbruks kabelleggingsfartøy. Dagens avtale markerer det første formelle steget for å realisere dette prosjektet, fortalde Kheng.

- Ulstein Design & Solutions AS skal, saman med Lloyd Werft, bidra med sin omfattande ekspertise for å levere eit høgspekka, spesialisert fartøy. Det konseptuelle designarbeidet starta hausten 2023 med fokus på ULSTEIN SX228 – eit neste generasjons fiberoptisk kabelleggingsfartøy, utdjupa han. 

- Vi er svært glade for å samarbeide med Megamas Resources på dette banebrytande prosjektet. ULSTEIN SX228 er designa for å møte dei høgaste standardane for effektivitet og berekraft. Teamet vårt skal, saman med Lloyd Werft, levere eit fartøy som ikkje berre møter, men overgår forventningane i industrien til subsea telekommunikasjon og fornybar energi. Denne kontrakten synleggjer vår lange erfaring innan design av offshorefartøy.

Skipet har ei dødvekt på 8 200 tonn og ein kabelkapasitet på 5 500 tonn. Det har ei lengd på 121,7 meter og måler 23 meter i breidda. Fartøyet er særleg optimalisert for legging av  fiberoptiske kablar. Det er også førebudd for framtidige operasjonar med kraftkablar inkludert ein karusell under dekk som er integrert i kabeltankane. 

To kabellinjer og alt naudsynt kabelhandteringsutstyr er plassert inne i eit lukka arbeidsområde, og sikrar at fartøyet kan utøve sikre og effektive operasjonar i utfordrande forhold. Andre funksjonar inkluderer ein ROV-hangar for grøftegravaren, ei 50-tonns A-ramme og ein slepekraftskapasitet opp til 120 tonn for grøfting på havbotnen.

Prosjektet er utvikla i samarbeid med Crewstone International Private Equity & Investments for å møte den globale mangelen på spesialiserte offshorefartøy. Desse skipa vil spele ei nøkkelrolle i å støtte både fornybar energi- og subsea telekommunikasjonsindustrien, sa Kheng, og heldt fram:

- Fartøyet er designa for å stette DNV sine Clean (Design) og Recyclable klassifikasjonsnotasjonar, som understrekar Megamas sitt engasjement for berekraftige praksisar og skipsbygging. Megamas tek sikte på å levere det første fartøyet innan utgangen av 2027.

  • ULSTEIN SX228 fibre optic cable laying vessel design Megamas May25 Sea SB Fore
  • ULSTEIN SX228 fibre optic cable laying vessel design Megamas April25 Cable System See Through Sea SB Aft
  • ULSTEIN SX228 fibre optic cable laying vessel design Megamas May25 Sea PS Aft Low

Ta kontakt

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

3 D image of the new trenching support vessel Jan De Nul ordered 2 2
Pressemelding

Jan De Nul kontraherer Ulstein Design & Solutions AS for design av subsea trenching-fartøy

Ulsteinvik, 10. mars 2026 – Jan De Nul har valt eit spesialframstilt fartøydesign frå Ulstein Design & Solutions AS til den nyaste utvidinga av offshoreflåten sin. Realiseringa av subsea trenchingfartøyet markerer ein milepåle i samarbeidet mellom to leiande maritime innovatørar. Fartøyet er planlagt levert i 2028.

Det grunnleggande designet byggjer på eit robust og globalt velprøvd subseafartøydesign.

Jonas Ulstein
Artikkel

Statsministerbesøk: Det som står på spel for norsk industri og kystsamfunn

Styreleiar Tore Ulstein, konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group og leiinga i Ulstein Verft, ønskte statsministeren velkomen til Ulstein torsdag 5. mars. I ei tid med rask omstilling, aukande geopolitisk uro og stor internasjonal konkurranse, var besøket frå statsministeren eit godt høve til å snakke om framtida for norske industrimiljø og lokalsamfunn langs kysten.