
Skaparglede og innovasjonskultur
Vi har ein forretningskultur som kombinerer struktur og kreativitet, erfaring og innovasjon, djerv tenking og nøyaktig gjennomføring.
På jakt etter dei gode løysingane
Driven av ein visjon om å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar, utviklar vi banebrytande design, system og løysingar og byggjer skip for dei mest krevjande forholda. Vi søker å vere eitt steg føre i å løyse viktige utfordringar for den maritime industrien. Ved å innovere og forme morgondagens løysingar, skapar vi verdi for kundane, aksjonærar, tilsette og samfunnet som heilskap.
Vi leitar stadig etter betre svar. Det første steget er å stille nye spørsmål. Ulstein har møtt tidlegare utfordringar i industrien ved å ønske endringar velkomne og identifisere moglegheiter, og vi held fram med å tru på den formelen.

Folka våre er vår viktigaste ressurs






