PES8393

Prefabrikasjon av rør

Kaldbøying av rør – kvalitet frå idé til ferdig produkt

Med kaldbøying får du røyr med høg kvalitet og lang levetid. Prosessen gir mindre spenningar i materialet og færre sveiseskøytar – noko som aukar tryggleiken og reduserer risikoen for lekkasjar. Vi tek ansvar for heile prosessen, frå bilete og mål til ferdig røyr, og leverer raskt og effektivt.

Fordelar
Ta kontakt
Røravdelinga oversikt

Rørbøying og prefabrikasjon av rørsystem

Lang erfaring – påliteleg leveranse

Sidan 1996 har røravdelinga ved Ulstein Verft levert prefabrikkerte røyrsystem til fartøy. Tenesta vart etablert for å sikre kontroll over ein kritisk del av leveringskjeda i skipsbygginga – og har sidan utvikla seg til å bli ein viktig del av vår totale leveransekapasitet.

Rask oppstart – enkelt og effektivt

Hos oss kjem du raskt i gang med rørproduksjonen. Du treng ikkje levere ISO-teikningar – bilete og nokre enkle mål er alt vi treng for å starte produksjonen. Det sparar deg for tid og gjer prosessen smidig frå første stund.

Allsidig kompetanse – tenester til både verft og næringsliv

Vi leverer tenester til både interne prosjekt og eksterne kundar. Med lang erfaring frå nybygg og ettermarknadsoppdrag ved verftet, har vi også gjennomført ei rekke prosjekt for kundar i ulike bransjar. Vi ønskjer å vere ein påliteleg og fleksibel samarbeidspartnar – og du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt!

Ulstein

Snakk med oss om:

  • Kaldbøying av rør og prefabrikasjon
  • NDT-kontrollering
  • Montering
  • Trykktesting
  • Prøving av tettleik
  • Galvanisering / maling
  • Teikning av ISO-rør og optimalisering av eksisterande ISO-teikningar

Kaldbøying av rør

Vi har kort produksjonstid, lang erfaring og DNV-sertifisert produksjonsområde. Rørbøyemaskinene tek rør frå ND50-ND200.

Kaldbøying av rør er ein produksjonsprosess med fleire fordelar: 

Betre kvalitet
produksjons­prosessen gir mindre spenningar i røret
Auka sikkerheit
færre sveiseskøytar og mindre fare for lekkasjar
Betre for miljøet
mindre svinn og energibruk kuttar kostnadar og sparar miljøet
Kortare leveringstid
effektiv produksjon med kort leveringstid.

Ta kontakt

Tor-Erik Agledal
Section Leader Pipe Bending

Tel: +47 976 69 187 | Epost: [email protected]

Ditt namn

Fasilitetar ved verftet

Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft for å betena behova dine.

Yno 302 at Ulstein Verft being launched from the dock hall

Tørrdokk og dokkhall

Det kontrollerte miljøet i ei tørrdokk gir ei optimal ramme for skipskonstruksjon og skipsreparasjonsprosjekt. Beskytta frå elementa kan arbeidarane våre arbeida trygt og effektivt, upåverka av dårleg vêr eller turbulent sjø. 

Paintwork on the PX121 designed platform supply vessel NAO Thunder. Photo: Karl Otto Kristiansen.

Overflatebehandling og grunning

Ved Ulstein Verft har vi lang fartstid på overflatebehandling av skrog. Dokkhallen gir oss gode fasilitetar og jobbe i og arbeidet får eit perfekt resultat. 

Service aftermarket

Kranløft og transport

Vi leverer krantjenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av beltekran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og langs kysten.

Verftet Blue Skip 2015

Mobilisering og demobilisering

Vi tilbyr utmerka logistikkhandtering for å sikre effektiv mobilisering og demobilisering av utstyr for fartøy.

PES8393

Prefabrikasjon av rør

Kaldbøying av rør – kvalitet frå idé til ferdig produkt

Med kaldbøying får du røyr med høg kvalitet og lang levetid. Prosessen gir mindre spenningar i materialet og færre sveiseskøytar – noko som aukar tryggleiken og reduserer risikoen for lekkasjar. Vi tek ansvar for heile prosessen, frå bilete og mål til ferdig røyr, og leverer raskt og effektivt.