
Lærling i Ulstein
Om lærlingordninga
Som lærling får du ein kvardag som er variert, utfordrande og lærerik.
Du får vere med på ulike prosjekt og får løn undervegs.
Møt ein av lærlingane våre

Vil du starte karrieren din hos oss? Søk lærlingplass innan 1. mars!
I Ulstein kan du bli lærling som:
- Industrimekanikar
- Industrirørleggar
- Sveisar
- Stillasbyggar
- Elektrikar
Fristen for å søke lærlingplass er 1. mars.
Link til søknadsside kjem snarleg!

Kvifor bli lærling i Ulstein
Som lærling i Ulstein får du:
- Ei lys framtid - gode jobbmoglegheiter etter fagbrev, og mange får fast jobb hos oss.
- Løn frå dag éin - og praktisk erfaring som gir deg ein trygg start på arbeidslivet.
- Lær av dei beste - få fagopplæring i eit miljø som byggjer nokre av dei mest avanserte fartøya i verda.
- Tryggleik først - eit inkluderande arbeidsmiljø med sterkt fokus på HMS.
- Sosialt arbeidsmiljø - vi skal ha det kjekt i lag. Bli med på shuffle turneringar, sommarfestar, utandørsaktivitetar eller berre unn deg ein god lunsj i kantina.
Ulstein er eit tredje generasjons familieeigd selskap og ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I over 100 år har vi hatt evne til å sjå og utnytte nye mulegheiter og hatt god utvikling gjennom skiftande tider i den maritime næringa. No kan du bli med på reisa vidare.

Læretid og fagbrev – slik fungerer det
Å vere lærling er på mange måtar som å ha ein vanleg jobb. Vanlegvis går du først to år på skule, før du har to år som lærling – dette kallar vi læretida. For lærlingar innan elektrofaget varer læretida to og eit halvt år.
I læretida får du løn. Det betyr at du kan ta utdanning utan å ende opp med eit stort studielån. Det er ein stor fordel for framtida di.
Når læretida er over og du har bestått fagprøva, får du fagbrev. Fagbrevet er beviset på at du er klar til å jobbe i faget og bygge vidare erfaring. Du kan òg utvikle deg vidare gjennom kurs og vidareutdanning.
Lærlingansvarleg Ulstein Verft
Ta kontakt med Anne Holm Roppen
Telefon
E-post
Lærlingansvarleg Ulstein Elektro Installasjon
Ta kontakt med Hanne Notøy
Telefon
E-post
