Ulstein

Ledige stillingar

Bli med på laget!

Vil du hjelpe oss med å forme den maritime næringa?

Vi treng jamleg å styrke organisasjonen vår, og alle ledige stillingar vil bli lagt ut på denne sida.

Vil du bli lærling i Ulstein?

Ledige stillingar

Loading open positions...

Fann du ikkje stillinga du var på jakt etter?

Send oss ein open søknad så har vi informasjon på deg om draumejobben dukkar opp. 

Noko av det vi tilbyr:

Fagleg utvikling
Vi prioriterer deling av kunnskap og ferdigheiter gjennom ulike opplæringsprogram, både interne og eksterne, samt gjennom læring i det daglege arbeidet. Moglegheit for vidare utdanning.
Ekstra fri i høgtida
I tillegg til ordinær ferie får du ekstra fri hos Ulstein – med betalt fri både julaftan og nyttårsaftan, slik at du kan nyte høgtida skikkeleg.
Trygg og føreseieleg pensjonsoppbygging
Ulstein tilbyr ei konkurransedyktig pensjonsordning som sikrar deg ei trygg og føreseieleg oppbygging av pensjon gjennom heile yrkeslivet.
Kantine med meirsmak
Vi har fleire kantiner på området, der du får servert varm og variert lunsj kvar dag til ein rimeleg pris. Og som ei lita ekstra "helgastemning": kvar fredag vert det servert kake til alle lunsjgjestar.
Sosiale samankomstar
Gjennom året samlast vi ved fleire høve. Vi arrangerer sommar- og haustfestar, julebord og andre sosiale aktivitetar. I tillegg inviterer vi til meir spontane samankomstar, som skidag, fjelltur eller ulike andre aktivitetar. Vi har også shuffleturnering den siste fredagen kvar månad.
Sprek i Ulstein
Vi tilbyr vekentleg fellestrening, som volleyball, styrke og løping. I tillegg får du tilgang til familiekort til symjehallen på Ulstein Arena, og det er mogleg å vere med på utvalde løp som Ulstein støttar. I tillegg engasjerer vi oss i lokale tur- og aktivitetsinitiativ, som t.d. Stikk UT!
Levande lokalsamfunn
Ulstein spelar ei aktiv rolle i å styrke og vidareutvikle lokalsamfunnet. Vi bidreg med støtte til idrettslag, frivillige initiativ og aktivitetstilbod som Ulsteinhallen og Ulstein Arena, som er viktige møteplassar for både barn, unge og vaksne. Gjennom slike bidrag er vi med på å legge til rette for gode oppvekstmiljø, fysisk aktivitet og sosiale arenaer som kjem heile kommunen til gode.