Heritage Ulstein Mek1927

Arven vår

I løpet av åra har Ulstein utvikla seg frå å vere ein mekanisk verkstad til eit innovativt selskap innan skipsdesign, skipsbygging og maritime løysingar for den globale marknaden. Her er eit innblikk i vår historie gjennom 100 år.

Ulstein Mek - med satsing på fiskebåtar

Noreg har vore ein sjøfarande nasjon sidan vikingtida. Det norske opphavet vårt føyer seg inn i lange tradisjonar med maritim kunnskap. I meir enn 100 år har dei krevjande forholda i Nordsjøen forma Ulstein sine standardar innan kvalitet og sikkerheit, og skapt eit sterkt grunnlag for å møte framtidige utfordringar.

Selskapet vart etablert i 1917 av Martin Ulstein, som då var 23 år gammal, og svogeren hans, Andreas Flø. Det starta som ein verkstad for tilpassingar av lokale fiskebåtar, som på den tida gjekk over frå segl til motor. Etter at Martin døydde brått i 1948, vart det eldstesonen, Magnulf, som tok over som verftsdirektør, medan enka Inga vart styreleiar.

Ulstein mek verksted 1948 Arbeidsstokken
Arbeidarane ved Ulstein mek. Verksted i 1948, kort tid etter at stiftaren, Martin Ulstein, gjekk bort. Eldstesonen og ny verftsdirektør, Magnulf Ulstein, i midten på fremste rad. Bror hans, Kolbein Ole sit heilt ytst til høgre. Den yngste av arbeidarane, 14 år gamle Idar i ei heimestrikka kofte, er bror nummer tre.

Passasjerskip og propellproduksjon

I åra som følgde kom Ulstein til å vekse seg til å bli ein global aktør og tok del i mange teknologiske omveltingar i den maritime industrien. Frå midten av 1960-åra vart utviklinga av selskapet ført vidare av yngstesonen til Martin, Idar Ulstein.

På 1960-talet vart det gjort grep for å auke breidda i tilboda, og å kome i gang med ein eller annan form for produksjon. Valet fall på produksjon av propellar, der konsernet allereie hadde kompetanse gjennom fleire års reparasjonsarbeid.

Oljealderen førte til utvikling av eigne skipsdesign tilpassa nordsjø-forhold

Oljealderen i Noreg tok til sist på 1960-talet. Ulstein fekk førespurnader om å bygge supplyskip av amerikanske design, men desse var ikkje eigna for Nordsjøen. Ulstein byrja å utvikle nye skipstypar sjølve. Skroga var breiare og hadde større fribord slik at skipa kunne arbeide sikrare i grov sjø. Ein tok til å selje design over heile verda, noko som utvida kontaktnettet og gav økonomi til å drive ei omfattande verksemd på dette området.

I 1999 vart størsteparten av selskapet selt til Vickers (som seinare vart oppkjøpt av Rolls-Royce), men Ulstein-familien heldt fram med skipsbyggingsaktiviteten, og tok til arbeidet med å bygge det nye Ulstein. Ein ny designportefølje vart utvikla under merkenamnet Ulstein-design, og det er også utvikla mange produkt og løysingar innan kraft og kontroll (automasjon) og skipsdesign.

Vickers

Baugdesignet X-BOW vart lansert i 2005. Det første X-BOW-skipet var ankerhandteringsfartøyet 'Bourbon Orca', og i dag er meir enn 100 X-BOW-design selde over heile verda.

Bourbon Orca on seatrial

Frå 1999 til 2020 vart Ulstein leia av tredje generasjon av familien, Gunvor Ulstein og Tore Ulstein. I dag har dei verv som styreleiar og/eller er styremedlemar i dei ulike Ulstein-selskapa.

Frå venstre: Gunvor Ulstein, Cathrine Kristiseter Marti og Tore Ulstein.

Kva er historia vår

Vi ønsker å gi meirverdi til kundane våre, noko som vert avspegla i visjonen og verdiane våre. Vi har ein forretningskultur og prestasjonar som vi er stolte av, og saman utgjer dette kjerna av det som er oss.  

Og kva er det som verkeleg skil oss ut? Ei rik maritim historie som har gitt oss ein unik identitet og ein arv som lever vidare.  

Ulstein Verft DJI 0125

Korleis vi gjer ein skilnad

Ulstein Group er eit tredje generasjons, familieeigd selskap og ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Selskapet vart etablert i 1917, og har hovudkontor i Ulsteinvik. 

Heritage Ulstein Mek1927

Arven vår

I løpet av åra har Ulstein utvikla seg frå å vere ein mekanisk verkstad til eit innovativt selskap innan skipsdesign, skipsbygging og maritime løysingar for den globale marknaden. Her er eit innblikk i vår historie gjennom 100 år.

IDC 2022 2

Skaparglede og innovasjonskultur

Vi har ein forretningskultur som kombinerer struktur og kreativitet, erfaring og innovasjon, djerv tenking og nøyaktig gjennomføring.