
Skap ei karriere i Ulstein
Bli med og forme framtida!
I ULSTEIN jobbar vi saman med kundar og partnarar for å skape smarte løysingar. Din kunnskap kan gjere ein forskjell – og vere med på å utvikle nye idear som blir til verkelegheit.
Skape morgondagens løysingar
Visjonen vår er klar: å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Vi søker alltid å vere eitt steg føre og har ei tilnærming der vi alltid søker etter ei løysing på utfordringane. Vi brukar ekspertisen og fantasien vår til å levere nye standardar til næringa, basert på tanken om langsiktig konkurransekraft.
Er du klar for å bli med på laget?

Ledige stillingar
Bli med på laget!
Vil du hjelpe oss med å forme den maritime næringa?
Vi treng jamleg å styrke organisasjonen vår, og alle ledige stillingar vil bli lagt ut på denne sida.

Lærling i Ulstein
Om lærlingordninga
Som lærling får du ein kvardag som er variert, utfordrande og lærerik.Du får vere med på ulike prosjekt og får løn undervegs.

Folka i Ulstein
Her finn du eit mangfald av menneske og fagroller. Ta ein kikk og bli kjent med nokre av dei som jobbar hos oss!

Yrkesroller og fagmiljø
I Ulstein er mangfaldet av kompetanse ein styrke. Vi utfyller kvarandre, lærer av kvarandre og løftar kvarandre – og nettopp dette tverrfaglege samarbeidet gjer at vi kan levere framtidsretta og komplekse maritime produkt.

Korleis vi gjer ein skilnad
Innovasjon sidan 1917
Ulstein Group er eit tredje generasjons, familieeigd selskap og ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Selskapet vart etablert i 1917, og har hovudkontor i Ulsteinvik.
Bli kjent med Ulstein på 2 minutt
Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip.
I meir enn 100 år har våre medarbeidarar vore med på å utvikle framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet.




