
NKT Victoria til Ulstein Verft for oppgradering og klassing
Kabelleggingsfartøyet skal gjennom eit omfattande verftsopphald med bidrag frå fleire fagområde.

Ettermarknad dekker eit breitt spekter av tenester for å ta vare på eit skip gjennom heile livsløpet. Vi gjer alt frå service og vedlikehald til større ombyggingar og oppgraderingar. Er ditt fartøy klart til komande oppdrag?

Som reiar og operatør står du overfor ein maritim industri i rask endring. Det er nye og strengare krav og forventingar til at drifta skal bli meir berekraftig og energieffektiv. Vidare må fartøy sikre maksimal verdi gjennom heile livssyklusen.
Skal du kunne vere konkurransedyktig og sikre lønsam drift er det mange val som må takast når det gjeld oppgraderingar, konverteringar, tenester og reparasjonar. Denne typen arbeid inneber ulik kompetanse og kunnskap og sjølvsagt dei fasilitetane som trengst for å gjennomføre prosjekta.
Vi tilbyr fleire ettermarknadstenester for å gi kundane våre profesjonell tilgang til ettermontering, ombyggingar, service og vedlikehald, reparasjonar og oppgraderingar.
Det nære samarbeidet mellom skipsdesign, engineering, produksjon og drift gjer oss til ein effektiv leverandør av ettermarknadstenester.
Gjennom åra har vi utvikla ein kunnskapsbase og erfaring som garanterer dei høgaste standardar innan kvalitet, utføring og leveringspresisjon. Vi har samla design, engineering og produksjon i same konsern og kan tilby effektive arbeidsprosessar og kortare leveringstid.
Eit raskt innblikk i tenester, fasilitetar og prosjekt ved Ulstein verft.

Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft med utmerkte fasilitetar. Vi har ei tørrdokk og dokkhall. Dokkhallen sikrar gode arbeidsvilkår og eit stabilt miljø i nybyggingsprosjekt, skipsreperasjonar og ombyggingar. Hos oss er det kort veg til rørproduksjon, utrusting, maskinverkstad, administrasjonsbygg og andre tenester.
Sjå korleis vi kan hjelpe skipseigarar med å halde seg konkurransedyktige ved å optimalisere ytinga til fartøy.

Kabelleggingsfartøyet skal gjennom eit omfattande verftsopphald med bidrag frå fleire fagområde.

For skip i arbeid er det avgjerande at systema fungerer optimalt, også mange år etter levering. På eit nyleg serviceoppdrag i Brasil på Sea1 Marataizes sende Ulstein Power & Control ein av sine mest erfarne serviceingeniørar saman med ein av dei ferskaste for å sikre kompetanseoverføring og kontinuitet.

Ulstein Group hadde driftsinntekter på NOK 3,0 milliardar og eit driftsresultat på NOK 219,2 millionar i 2025.

Ombygginga av Olympic Notos er no fullført ved Ulstein Verft. Etter offshoretesting og siste justeringar er fartøyet snart klart for å starte i arbeid.

Ettermarknadsarbeidet i Ulstein Verft skjer stadig oftare ute hos kundane. Nyleg utførte eit serviceteam leia av områdesalssjef på ettermarknad, Hans Ole Låbakk, naudsynt arbeid om bord på Hurtigrutens Trollfjord i Bergen.

Ombygging og remobilisering av fartøy krev meir enn teikningar og utrekningar. Nyleg arbeid på Orient Adventurer, som no blir førebudd for kabellegging, viser kor avgjerande inngåande kunnskap om fartøyet si operasjonelle historie er for å kunne levere sikre, klassegodkjende løysingar. Gjennom ettermarknadstenestene til Ulstein støttar vi komplekse skipsoppgraderingar med ingeniørkompetanse innan stabilitet og vekt. Det inkluderer planlegging og gjennomføring av krengeprøver for ombyggings- og levetidsforlengingsprosjekt.

- Det er mange moglegheiter med den jobben her! seier Markus Myklebust Myrstad, automasjonsingeniør i Ulstein Power & Control. Nyleg var han i Ushuaia for å hjelpe to ekspedisjonscruisefartøy vidare på vegen, med både akutt fjernløysing, installasjonar om bord og systeminspeksjon.

I oktober 2025 var Edda Freya innom Ulstein Verft for ei mobilisering på svært kort varsel. I tillegg til mindre oppgåver som skulle utførast, skulle den 350 tonn tunge krana flyttast.

Ulstein Group hadde i 2024 ei omsetning på 3,1 milliardar kroner og eit driftsresultat på 198,8 millionar kroner.

På Undersea Defence Technology-konferansen 26. mars 2025 signerte thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein Verft ein intensjonsavtale om felles innsats for å levere dei neste avanserte fregattane til den norske marinen.
Ulstein Verft er sertifisert i samsvar med ISO9001:2015, ein kvalitetsstandard som syner at bedrifta vert styrt på ein målretta og kontrollert måte, og ISO140001 sertifisert (miljøsertifisering).

Vi har samla all informasjonen om vilkår for kjøp av reservedelar i eit eige dokument.



