2025 Ulstein calendar 50x26 cm image v4 s1 WEB

Ulstein sine nøkkelpunkt i 2024

 Innovative leveransar for meir berekraftige operasjonar

ULSTEIN VERFT - NYBYGG: 

I 2024 leverte Ulstein Verft to serviceskip til havvind (CSOV), ‘Olympic Boreas’ og ‘Olympic Notos’. Olympic Boreas vart tildelt prisen for Årets Maritime Innovasjon og nominert til Årets Skip.

Fleire andre av nybygga i Ulstein Verft si ordrebok er i ulike fasar av konstruksjonen ved skrogverftet CRIST; dette omfattar fire CSOV-ar og eit kabelleggingsfartøy.

ULSTEIN VERFT - ETTERMARKNAD: 

Totalt 18 fartøy har vore innom Ulstein Verft i 2024 for ulike ettermarknads- og serviceoppdrag, det mest omfattande av dette var konverteringa av fôrbåten Eidsvaag Pioner.

ULSTEIN DESIGN & SOLUTIONS - NYBYGG:

Skipsdesigna våre har også blitt bygde ved andre verft. I 2024 vart to havvindserviceskip for Shanghai Electric leverte frå ZPMC i Kina, det vart også tungløfts-/rørleggingsfartøyet ‘JSD 6000’’, det sjuande cruiseskipet for Sunstone Ships, ‘Douglas Mawson’, har blitt sjøsett ved CMHI-verftet i Kina, Acta Marine sine fire CSOV-skip er under bygging ved Tersan i Tyrkia, og trålaren ‘ECOFIVE’ er i sluttfasen ved Westcon Yards Ølensvåg, for å nemne nokre.

ULSTEIN DESIGN & SOLUTIONS - ETTERMARKNAD:

Ein har jobba med fleire service- og ettermarknadsprosjekt i 2024. Desse tenestene omfattar mellom anna konverteringar, redesign, oppgraderingar og tilpassingar til nye prosjekt. For Ulstein sitt designselskap i Noreg inkluderer desse typane oppdrag 56 prosjekt i 2024.

ULSTEIN POWER & CONTROL: 

Ulstein lanserte ULSTEIN® POWER VSG (Variable Speed Generator). Saman med tekniske tiltak og sjølve skipsdesignet, mellom anna TWIN X-STERN, resulterte dette i rekordlågt drivstofforbruk i DP-operasjonar for dei to Olympic-skipa.

ULSTEIN POWER & CONTROL - ETTERMARKNAD: 

Ulstein Power & Control forvaltar ein portefølje på 450 skip og jobbar systematisk med oppstart og tenester på system og produkt innan kraft, automasjon og kontrollsystem. Selskapet utfører serviceoppdrag over heile verda og er ansvarleg for garantioppfølging på alle skip og systemleveransar frå Ulstein Verft og Ulstein Design & Solutions, i tillegg til sine eigne leveransar. I 2024 resulterte dette i meir enn 300 ordrar og meir enn 80 kundar.

ÅRET 2025:

Vi ser fram til å halde fram med å levere innovative løysingar og tenester i 2025, og vi er spente på kva nye moglegheiter og utfordringar dette året vil bringe. Drivkrafta vår er å ‘Innovere, engasjere og avansere’ og står sentralt i alt vi gjer.

Siste nytt

Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.