Ulstein Verft yard area 2

Resultat for Ulstein 2024

Ulstein Group hadde i 2024 ei omsetning på 3,1 milliardar kroner og eit driftsresultat på 198,8 millionar kroner. 

I 2024 leverte Ulstein Verft AS to konstruksjonsstøttefartøy (CSOV-skip) til Olympic. Dette er dei første leverte skipa som baserer seg på den prisvinnande TWIN X-STERN®-løysinga, som det totalt har vorte bestilt ti av så langt. Dette innovative konseptet vert samanlikna med eit 'firehjulsdrift' for sjøen, med hovudpropellar plasserte både framme og bak på skipet, noko som betrar drivstoffeffektiviteten og den operasjonelle ytinga betydeleg.

Olympic Boreas CSOV Yno 318 Ulstein Verft

Reiarlaget kan vise til reduksjonar i drivstofforbruk og utslepp på nær 50 prosent, samanlikna med andre seglande CSOV-ar. Skipa er designa og bygde med eit effektivt skrog, integrasjon av propellar, maskineri og system for energigjenvinning, som i samspel med ULSTEIN® POWER Variable Speed Generator (VSG)-teknologien oppnådde eit svært lågt drivstofforbruk på 2,7 tonn per døgn under DP-operasjonar. Desse skipa stadfestar at heilskapleg design og samarbeid mellom reiarlag, verft og leverandørar gir gode resultat.

Nybyggingsaktivitetar for konsernet inkluderer åtte Ulstein-designa CSOV-ar til tre ulike reiarar, for tida i ulike konstruksjonsfasar, eit stort kabelleggingsskip for Nexans, og eit ekspedisjonscruiseskip for SunStone Ships, nummer sju av ULSTEIN CX103-designet i SunStone sin Infinity-klasse. Saman med engineeringskollegaene våre i Gdynia, har designteamet i Rotterdam utvikla eit innovativt tungløftskip for japanske Penta-Ocean Construction. Eit anna høgdepunkt inkluderer design av eit neste generasjons steininstallasjonsskip, som integrerer avanserte steinhandterings- og fallrørsystem.

Trålaren ECOFIVE, som er designa av Ulstein Design & Solutions AS, kom på marknaden i første kvartal 2025. Tidlege resultat frå prøvefiske i Barentshavet er lovande. Prototypskipet har ei patentert trål- og fangstløysing, som held fangsten levande fram til slakting, i tillegg til ein fabrikk som nyttar 100 prosent av fangsten.

  • Ulstein Verft yard area 2
  • Heavylift vessel Penta Ocean
  • Aftermarket project Launch of Eidsvaag Pioneer
  • NB 317 Nexans cable lay vessel
  • Douglas Mawson 7th cruise vessel for Sun Stone Ships
  • CEO Gunvor Ulstein photo Marius Beck Dahle
    Gunvor Ulstein kom tilbake som konsernsjef.

På tvers av selskap har Ulstein sine team vore involvert i ulike ettermarknadsoppdrag i 2024, og sikrar at skipa held seg konkurransedyktige og i samsvar med maritime standardar. Ulstein Verft handterte 18 service- og ettermarknadsoppdrag, der ombygginga av fôrbåten Eidsvaag Pioner var det største. Dette store prosjektet involverte installasjon av eit moderne fôrsystem, og involverte alle avdelingar ved verftet.

Ulstein Power & Control har ein portefølje på 450 skip og held fram med å tilby global service og garantistøtte. Målet vårt på lang sikt er å minimere effekten av dei sykliske variasjonane i den maritime industrien ved å fokusere på ettermarknad og ombyggingar, digitale produkt og tenester, saman med skipsbygging, design og løysingar.

For å akselerere overgangen til eit lågutsleppssamfunn og samtidig auke produktiviteten i den maritime verdikjeda, ser Ulstein på nye måtar å bruke data og digitale verktøy. Vi nyttar data frå sensorar installert på skipa gjennom vår skip-til-sky-baserte løysing Blue Box™, for å analysere og gi skipseigarane betre beslutningsstøtte i sine marine operasjonar, i tillegg til å forbetre og optimalisere designa våre.

Som i tidlegare år fører den geopolitiske situasjonen til usikkerheit, og fokuset på sikkerheit og beredskap har blitt ytterlegare intensivert. Med dette som bakteppe er Ulstein førebudd på å kunne bidra aktivt til å styrke den maritime sikkerheita i Noreg og resten av Europa.

Utviklinga av Ulstein Group sine resultat framover vil i stor grad bli påverka av geopolitiske forhold, marknadsetterspurnaden i våre prioriterte segment, inflasjon og tilgang til kvalifisert arbeidskraft. I tillegg til eigen prosjektstyrings- og gjennomføringsevne, og stabile og konkurransedyktige rammevilkår.

Ulstein Group sine hovudtal for 2024 er: 

Driftsinntekter: 3,1 milliardar kroner (2023: 1,4 milliardar) 
Driftsresultat: 198,8 millionar kroner (2023: 49,2 millionar) 
Resultat før skatt: 135,1 millionar kroner (2023: 40,0 millionar)

Siste nytt

Ulstein
Pressemelding

Ulstein Digital blir med i Veracity-partnarnettverket for å fremje berekraftige maritime operasjonar

Ulstein Digital, eit nyetablert dotterselskap i Ulstein Group, vert ein del av DNV sitt partnarnettverk; Veracity. Partnarskapet gir ein saumlaus integrasjon mellom Ulstein sin dataplattform og Veracity, og overfører automatisk validerte MRV-data (Monitoring, Reporting, Verification). Denne automatiseringa reduserer manuelt arbeid vesentleg, og sparer tid og ressursar for maritime operatørar.