– I løpet av dei to siste vekene er det signert kontraktar som samla representerer over fem månaders arbeid fram til påske 2027. I tillegg har vi jobba tungt med ombyggingsprosjekt sidan mars i år, med tre større ombyggingar, der to framleis pågår, fortel salssjef for ettermarknad, Martin Sundgot Hansen.

Dokkingskapasitet
Tørrdokka kan bli oppdelt i ei overbygd, indre dokk (dokkhall) og ei utandørs dokk.
- Total dokklengde: 225 m
- Dokklengde ytre dokk: 107 m, dokklengde indre dokk: 110 m
- Dokkbreidde: 36 m, portbreidde dokkhallen: 34 m
Styrka posisjon i service og ettermarknad
Kombinasjonen av kompetanse, kapasitet og infrastruktur bidreg til at Ulstein Verft blir stadig meir etterspurd for service-, reparasjons- og klassingsoppdrag. Kundane trekker fram kvaliteten på arbeidet som blir utført og den gode gjennomføringa av prosjekta.
- Som eit nybyggverft har vi også kapasitetar som få serviceverft kan tilby, mellom anna den overbygde dokkhallen, moderne fasilitetar og tilgang på eit breitt spekter av fagkompetanse. Dette gir gode arbeidsforhold gjennom heile året og gjer at vi kan handtere både planlagde klassingar og meir komplekse ombyggings-, oppgraderings- og reparasjonsprosjekt, seier Martin.









