Historikk
Tysdag 18. august kom kabelleggingsfartøyet NKT Victoria til Ulstein Verft. Skipet skal gjennomgå eit omfattande vedlikehalds- og 10-års klassefornyingsprogram, i tillegg til demobilisering av eksisterande ROV-løysing og mobilisering av ny ROV-løysing om bord.
Verftsopphaldet startar med arbeid ved kai før planlagt inndokking frå september . Arbeidet involverer fleire fagområde ved Ulstein Verft og ei rekke samarbeidspartnarar. Eksisterande ROV-utstyr skal demobiliserast, før ei ny ROV-løysing med tilhøyrande infrastruktur blir mobilisert og installert om bord.
Arbeidet omfattar mellom anna skrogklargjering, inspeksjonar, klasseaktivitetar, teknisk vedlikehald og overflatebehandling. I tillegg kjem arbeid knytt til ROV-systemet og nødvendige støttesystem medan fartøyet ligg ved verftet, inkludert stål- og elektroarbeid, fundamentering, installasjonar og integrasjon av nytt utstyr.
Verftsopphaldet er planlagt avslutta i oktober.









