
Prøvetur for det neste CSOV-skipet, byggnummer 322, ved Ulstein Verft
Ulstein Verft sitt bygg nummer 322. CSOV-skipet Genesis Sea, er i ferd med å avslutte ein vellukka prøvetur, ein viktig milepæl i nybyggingsprosjektet.
I Ulstein gjer vi visjonar om til verkelegheit, og vi skal vere ein pådrivar for framgang i den maritime næringa.
Gjennom nyheitene og artiklane våre kan du lære meir om korleis vi jobbar i lag med kundar og partnarar og skaper konkurransekraft i næringa.

Ulstein Verft sitt bygg nummer 322. CSOV-skipet Genesis Sea, er i ferd med å avslutte ein vellukka prøvetur, ein viktig milepæl i nybyggingsprosjektet.

OMS Group, ein leiande leverandør av undersjøisk digital infrastruktur, har signert kontraktar med Ulstein om design og bygging av to kabelleggingsfartøy. Skipa er planlagd leverte frå Ulstein Verft i 2028.

Kva fekk ein no erfaren veteran, ein fersk ingeniør og ein lærevillig lærling til å satse på Ulstein, og korleis ser dei for seg framtida? Bli med inn i kvardagen til Adolf, Nicholine og Jonas, og få eit innblikk i eit arbeidsmiljø i stadig utvikling, frå første arbeidsdag til over femti år med erfaring på same arbeidsplass.

Ulstein Verft starta det nye året starta med utdokking, løftearbeid og inndokking av to havvindnybygg.

Den 5. januar 2026 vart Acta Pegasus levert frå Tersan-verftet i Tyrkia til Acta Marine. Dette er det første av fire nye Walk-to-Work (W2W) havvindserviceskip (CSOV-skip) designa av Ulstein Design & Solutions AS for Acta Marine.

- Det er mange moglegheiter med den jobben her! seier Markus Myklebust Myrstad, automasjonsingeniør i Ulstein Power & Control. Nyleg var han i Ushuaia for å hjelpe to ekspedisjonscruisefartøy vidare på vegen, med både akutt fjernløysing, installasjonar om bord og systeminspeksjon.

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer.

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.

Skroget til bygg nummer 323 kom til Ulstein Verft 6. desember 2025. Dette markerer eit nytt steg i ferdigstillinga av vårt neste havvindservicefartøy, som er det tiande I rekka av TWIN X-STERN®-skip sidan 2022. Fartøyet er basert på Ulstein sitt SX222-design.

Aurora Expeditions sitt ekspedisjonscruiseskip Douglas Mawson blir døypt i Sydney 27. november 2025, før skipet legg ut på sin første tur til Tasmania. Skipet vert det første cruiseskipet med Ulstein sitt X-BOW®-design som skal operere i australske farvatn. Skrogforma er langt meir enn eit visuelt kjenneteikn, det er eit gjennombrot innan maritimt ingeniørarbeid.

Når eit nesten 150 meter langt, nybygd skip skal ut av dokkhallen med under éin meter klaring på kvar side, og vinden står på frå alle kantar, har ein lite feilmarginar. Det krev planlegging, presisjon – og eit team som veit kva dei gjer.

Den 15. november 2025 vart bnr 322 trygt taua inn og plassert i dokkhallen ved Ulstein Verft. Prosjektet er på plan, og sentrale aktivitetar er godt i gang.

På Ampelmann sin Walk-to-Work-konferanse i Rotterdam 4. november 2025 deltok Henrik Høidal, systemarkitekt i Ulstein Design & Solutions AS, med eit innlegg som sette fart på diskusjonane om framtidas havvindlogistikk. Temaet var SX250-skipa, eit konsept som utfordrar dagens tankegang om storleik og operasjonsevne.

Den 13. november 2025 vart skroget til kabelleggingsfartøyet (CLV) Nexans Electra flytta til utrustingskaia ved Ulstein Verft, eit viktig steg på vegen mot ferdigstilling. I løpet av tida ved Ulstein Verft har skipet vore under tak i dokkhallen i eit kontrollert miljø, som gir optimale forhold for arbeidsmiljø og kvalitet på malingsarbeidet.

Skipsbyggingsprosjektet Nexans Electra nærmar seg sluttfasen i dokka før det omfattande arbeidet held fram ved kai fram mot prøvetur våren 2026. Korleis organiserer ein arbeidet for hundrevis av arbeidarar, underselskap og leverandørar i mange månader for å få prosjektet ferdig på tid og på budsjett? Bli med på reisa saman med prosjektleiar Runar Toftesund ved Ulstein Verft.