Prisen går til ein kommune som legg til rette for maritim verdiskaping og samarbeid mellom næringsliv, utdanning og lokalsamfunn. I grunngjevinga trekk juryen fram den sterke maritime klynga i Ulstein, der reiarlag, verft, designmiljø, teknologibedrifter og utstyrsleverandørar arbeider tett saman.
For ordførar Stian Skorgen Scheide er prisen ei påminning om kva som kan skapast når mange dreg i same retning. Under markeringa valte han å sitere tidlegare konsernsjef i Ulstein, Idar Ulstein: "Vi samarbeider når vi kan, og konkurrerer når vi må."
– Dette er ei anerkjenning som tilhøyrer mange. Den maritime næringa har vore med på å forme Ulstein gjennom generasjonar, medan lokalsamfunnet har lagt grunnlaget for vekst og utvikling. Det er samspelet mellom menneska, bedriftene og kommunen som gjer dette mogleg, seier Scheide.
Bygger vidare på ei sterk historie
At markeringa fann stad under Trebaatfestivalen, er ikkje tilfeldig. Festivalen synleggjer dei maritime røtene i kommunen og korleis tradisjonar, handverk og nyskaping heng saman.
Konsernsjef i Ulstein, Gunvor Ulstein, peikar på at skipsbygging og maritim verksemd har prega området i generasjonar.
– Vi må aldri gløyme kva dei som gjekk føre oss bygde opp. Samtidig må vi halde fram med å utvikle oss. Evna til å sjå moglegheiter og skape noko saman har vore avgjerande for utviklinga i Ulstein, seier ho.
Ho understrekar at næringsliv og lokalsamfunn er gjensidig avhengige av kvarandre.
– Skal vi skape vekst og arbeidsplassar, må vi også bidra til å bygge samfunnet rundt oss. Det er noko av det denne prisen anerkjenner.
Eit samarbeid som skaper verdiar
Ulstein kommune konkurrerte med fleire sterke maritime kommunar frå heile landet. Utmerkinga løftar fram korleis bedrifter, utdanningsmiljø, kommunen og innbyggarane over tid har bygd eit miljø som skaper verdiar langt utover kommunegrensene og styrker regionen si rolle som eit leiande maritimt knutepunkt.







