Kva er kjølstrekk?
Kjølstrekk markerer overgangen til neste fase i bygginga, der fartøyet for alvor byrjar å ta form. Kjølstrekk kan forklarast som det tidspunktet der stålbygginga av skipet er i gang, og minst 50 tonn eller 1 prosent av stålet er produsert.
Skipet er eit ULSTEIN SX252-design, utvikla av Ulstein Design & Solutions for effektive installasjonar og vedlikehald av undersjøiske telekommunikasjonskablar. Det ferdige fartøyet vil verte 130 meter langt og kunne frakte opptil 6500 tonn kabel. Fartøyet er utvikla for å støtte den aukande etterspurnaden etter undersjøisk fiberoptisk infrastruktur, som utgjer ryggrada i den globale digitale kommunikasjonen.

Ferdigstilling ved Ulstein Verft
Skroget vil seinare bli slept til Ulstein Verft for ferdigstilling. Ulstein Verft har ansvar for den overordna prosjektleiinga, inkludert systemintegrasjon, vidare oppfølging av byggeprosessen, utrusting, testing og levering. Dette omfattar også integrering av ein komplett, hybrid kraft- og automasjonspakke frå Ulstein Power & Control.
Nybygget er det første av to som begge er planlagt leverte i 2028. Fartøya er utvikla for å tilby avanserte installasjonsløysingar med lågare utslepp. Gjennom moderne teknologi og høg operasjonell effektivitet skal fartøya bidra til utbygging av undersjøiske kommunikasjonsnett med lågast mogleg miljøpåverknad.
Skipa er utstyrte med to store kabeltankar, to tankar for reservekabel og ein hangar rundt kabeldekket. Oppå hangaren ligg eit stort ope dekkområde for ROV-ar og konteinarar. Fartøyet er også utstyrt med ei 50-tonns A-ramme med slepevinsj for plogoperasjonar. ULSTEIN® X-BOW® reduserer rørsler i sjøen, noko som minskar belastninga på kablar og kabelutstyr, og forbetrar tryggleiken og operasjonsevna ved krevande vêrforhold.
Med spesialiserte løysingar for kabellegging og vedlikehald vil CS Resilience bidra til vidare utvikling og styrkt robustheit i telekommunikasjonsnett over heile verda.
Om OMS
OMS Group er ein global, nøytral og integrert leverandør av tenester innan digital infrastruktur. Konsernet består av dei to hovudområda OMS Telco og LitUp Network, noko som gjer OMS i stand til å levere berekraftige heilskaplege løysingar gjennom heile verdikjeda for digital infrastruktur.
Om Ulstein
Ulstein er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for fartøy. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar.
Representantar frå OMS, Ulstein, CRIST og prosjektpartnarar samla ved markeringa av kjølstrekk for byggnummer 328.











