20260707 NB328 CLV 536 A9406

Brennestart markerer byggestarten på det første fiberoptiske kabelleggingsfartøyet til OMS

Bygginga av det første av to avanserte fiberoptiske kabelleggingsfartøy for OMS Group, CS Resilience, er offisielt i gang etter brennestarten 7. juli 2026. Skroga blir bygde ved CRIST i Polen, medan ferdigstilling, utrusting og testing skal utførast ved Ulstein Verft i Ulsteinvik.

Brennestarten på Ulstein Verft sitt byggnummer 328 markerer ein viktig milepåle i prosjektet, der fartøyet går over frå design-, engineerings,- og planleggingsfasane til produksjon.

Fartøya er baserte på ULSTEIN SX252-designet og er utvikla for installasjon av undersjøiske fiberoptiske kablar. Kvart fartøy er 130 meter langt og 22 meter breitt, med ein kabelkapasitet på opptil 6500 tonn.

Prosjektet vart gjort kjend i januar 2026 då det Malaysia-baserte reiarlaget OMS Group signerte kontraktar med Ulstein om design og bygging av to framtidsretta kabelleggingsfartøy. Fartøya er utvikla for å møte den aukande globale etterspurnaden etter digital infrastruktur gjennom installasjon og vedlikehald av undersjøiske fiberoptiske kabelnettverk. Levering frå Ulstein Verft er planlagd i 2028.

– Vi er nøgde med at bygginga av det første skroget no er i gong. Seremonien ved brennestart er eit viktig steg i prosjektet, og vi set stor pris på det gode samarbeidet med CRIST, seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør ved Ulstein Verft.

  • 20260707 NB328 CLV 536 A9406
  • 20260707 NB328 CLV 536 A9274
  • 20260707 NB328 CLV 536 A9329
  • 20260707 NB328 CLV 536 A9216
  • 20260707 NB328 CLV 536 A9098
  • 20260707 NB328 CLV 536 A9211

Systemleveranse frå Ulstein Power & Control

Med systemleveransen frå Ulstein Power & Control får fartøya integrerte kraft-, automasjons- og energistyringssystem utvikla for avanserte kabelleggingsoperasjonar. Kombinasjonen av ULSTEIN® POWER Variable Speed Generator-teknologi og batterisystem bidreg til energieffektiv og påliteleg drift, samstundes som drivstofforbruk og utslepp vert reduserte.

Fakta

  • Kunde: OMS Group, Malaysia
  • Byggnummer: 328
  • Design: ULSTEIN SX252
  • Lengd: 130 m
  • Breidde: 22 m
  • Kabelkapasitet: Opptil 6500 tonn
  • Skrogverft: CRIST, Polen
  • Utrustingsverft: Ulstein Verft, Noreg
  • Planlagd levering: 2028

Get in touch

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Description
Managing Director
Affiliation
Ulstein Verft AS

Related news

Representantar frå Ulstein Power og Control i demolabben
Pressemelding

Ulstein Power & Control inngår kontrakt på systemleveransar til to kabelleggingsfartøy

Ulstein Power & Control har skrive kontrakt om levering av komplette, hybride kraft- og automasjonssystem til to kabelleggingsfartøy som skal byggast for OMS Group ved Ulstein Verft. - Dette er ein viktig kontrakt for oss og stadfestar vår posisjon som ein leiande leverandør av system for komplekse maritime operasjonar, seier administrerande direktør Peter Pilskog.