ULSTEIN SX252 OMS Jan26 DUO SB Side web

OMS Group inngår kontraktar med Ulstein om to kabelleggingsfartøy

OMS Group, ein leiande leverandør av undersjøisk digital infrastruktur, har signert kontraktar med Ulstein om design og bygging av to kabelleggingsfartøy. Skipa er planlagd leverte frå Ulstein Verft i 2028.

Kontraktane vart inngått 23. desember 2025. Fartøya er designa for svært gode installasjonskapasitetar og låge karbonutslepp. Løysingane innan engineering og drift skal sikre optimal legging av undersjøiske nettverk.

Denne flåteutvidinga viser OMS Group si strategiske satsing på å bygge ein framtidsretta flåte som støttar den raskt veksande digitale økonomien. Partnarskapet med ULSTEIN®, og integrasjonen av X-BOW®-designet, understrekar engasjementet vårt for yteevne, miljø og kvalitet.

Datuk Lim Soon Foo, grunnleggar og styreleiar i OMS Group.
ULSTEIN SX252 OMS Jan26 DUO SB Side web

Ronnie Lim, konsernsjef i OMS Group, legg til:

- Den aukande etterspurnaden etter global nettverkstilkopling har gjort flåtekapasitet til ein kritisk flaskehals. Dei nye fartøya styrkar evna vår til å utføre store, komplekse kabelinstallasjonar på ein påliteleg  måte, og posisjonerer OMS Group for neste vekstfase i den digitale infrastrukturen.

- Vi ser fram til å samarbeide med OMS Group om neste generasjons kabelleggingsfartøy, kontraktane stadfestar Ulstein sin posisjon innan design og bygging av spesialfartøy. Ved å integrere ULSTEIN X-BOW®-designet med avanserte teknologiar som ULSTEIN® POWER Variable Speed Generator (VSG), leverer Ulstein fartøy som set nye standardar i denne marknaden. Løysingane reduserer drivstofforbruk og utslepp og forbetrar operasjonell effektivitet. Saman med OMS Group støttar vi den digitale infrastrukturen globalt med berekraftige og  framtidsretta løysingar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein, og held fram:

- Eg vil også rette ei stor takk til våre tilsette for innsatsen med å realisere kontrakten. Vi  står klare til å bygge og levere innovative og framtidsretta skip.

ULSTEIN SX252 OMS Jan26 Sea PS Aft Low web

ULSTEIN SX252: Bygd for yteevne og pålitelegheit

ULSTEIN SX252-fartøya er designa av Ulstein Design & Solutions AS. Dei er 130 meter lange og 22 meter breie, med kapasitet på opptil 6 500 tonn kabel. Dei har innreiing for 75 personar. 

Fartøya har to store kabeltankar og to reservekabeltankar, og kabeldekket der kabelleggingsutstyret er plassert, er overbygd med ein hangar. På toppen av hangaren er det eit stort ope dekk for ROV-ar og konteinarar.  Skipet er også utrusta med ei 50-tonns A-ramme med slepevinsj for pløying. ULSTEIN X-BOW® gir mindre rørsler, noko som gir mindre slitasje på kablar og kabelutstyr, og aukar tryggleik og operasjonsevne sjølv i dårleg ver og høge bølger. 

  • ULSTEIN SX252 OMS Jan26 Sea PS Fore web
  • ULSTEIN SX252 OMS Jan26 Sea SB Fore Low web
  • ULSTEIN SX252 OMS Jan26 DUO SB Side web
  • ULSTEIN SX252 OMS Jan26 Sea PS Aft Low web

Ulstein Group

Ulstein er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. 

OMS Group

OMS Group leverer integrerte tenester innan digital infrastruktur. Dei installerer og vedlikeheld undersjøiske fiberkabelsystem og har ein flåte på fem kabelleggingsfartøy, med fire nye under bygging

Kontaktar

Ulstein Verft: 
Marita Myrvågnes, 406 26 547, [email protected]

Ulstein Design & Solutions AS: 
Torill Muren, 900 38 665, [email protected]

OMS Group: 
Ellerique Shamsuddin, +603 5569 3881, [email protected]  

Ta kontakt

Marita Myrvågnes bw

Marita Myrvågnes

Beskrivelse
Area Sales Manager Newbuilds
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Supervisor at Ulstein verft upload1
Artikkel

Tilsett i eit halvt århundre – og dei som nett har starta

Kva fekk ein no erfaren veteran, ein fersk ingeniør og ein lærevillig lærling til å satse på Ulstein, og korleis ser dei for seg framtida? Bli med inn i kvardagen til Adolf, Nicholine og Jonas, og få eit innblikk i eit arbeidsmiljø i stadig utvikling,  frå første arbeidsdag til over femti år med erfaring på same arbeidsplass.

Karriere