Nominasjonane til Årets Skip er klare

Kabelleggingsskipet Nexans Electra, havvindserviceskipet Windea Carnot, og energibyggingsfartøyet Rem Pioneer er bygde ved høvesvis Ulstein Verft og Myklebust Verft, som begge held til i den maritime klynga på Nordvestlandet. Alle skipa er no nominerte til Årets Skip.

  • Nexans Electra Yno 317 departure from Ulsteinvik ULS 04584 DJI 20260527125048 0149 D
  • Windea Carnot after delivery ULS 04419 Windea Carnot 892 CR Ulstein Uavpic com
  • Rem Pioneer MV IMG 1082

Magasinet Skipsrevyen kårar kvart år Årets Skip. Årets nominasjonar tyder på at juryen løftar fram skip som kombinerer avansert teknologi, operative eigenskapar og løysingar som støttar den pågåande energiomstillinga.

Dei nominerte skipa har omfattande systemintegrasjon, skal utføre spesialiserte operasjonar med høge krav til presisjon, kapasitet og yteevne. Dette er eit område der den norske maritime klynga har bygd opp sterk kompetanse over fleire tiår. 

Nominasjonane er også ein honnør til reiarlaga, som har tatt dei strategiske vala om å investere i avanserte nybygg ved norske verft, og dermed bidrar til å drive fram innovasjon, teknologiutvikling og skipsbyggingskompetanse på høgt nivå.

– Alle fartøya som er nominerte til Ship of the Year er bygde ved verft i den maritime klynga på Nordvestlandet. Dette er ei tydeleg anerkjenning av kompetansen i regionen, den innovative styrken og evna til å levere, seier Pierre Major, klyngeleiar i GCE Blue Maritime Cluster.

Den maritime klynga i Møre og Romsdal er internasjonalt anerkjend som eit av dei mest komplette maritime økosystema i verda, bygd opp gjennom generasjonar og med leiande kompetanse innan design, avansert utstyr, teknologiutvikling og -integrasjon, skipsbygging og global fartøydrift.

Eit verftsoppdrag skapar ringverknader ved å bidra til sysselsetting på tvers av ei rekke tilknytte næringar og yrke.

Skipa (i alfabetisk rekkefølge)

Nexans Electra – bygd ved Ulstein Verft

Nexans Electra er eit DP3 kabelleggingsfartøy levert frå Ulstein Verft i 2026 til Nexans. Fartøyet er spesialdesigna for transport, installasjon, reparasjon og samanføying av høgspent sjøkablar. 

Skipet har stor kabelkapasitet, med ein kabelkarusell på dekk på opptil 10 000 tonn, i tillegg til ein karusell under dekk på 3 500 tonn og tank for fiberkabel. 

Med avansert installasjonsutstyr og høg grad av redundans i kritiske system, er fartøyet utvikla for effektive operasjonar under krevande forhold, med god manøvreringsevne og stabil posisjonering. 

Nexans Electra skal støtte utvikling av havvindprosjekt og annan energiinfrastruktur, og blir ein sentral ressurs i utbygginga av fornybar energi og elektrifisering til havs. 

REM Pioneer – bygd ved Myklebust Verft

REM Pioneer er eit avansert energibyggingsfartøy (ESCV) under bygging ved Myklebust Verft for Rem Offshore.

Fartøyet er utvikla av Skipsteknisk for krevande operasjonar innan subsea og fornybar energi. Skipet vil mellom anna bli drifta på grøn metanol, er utstyrt med energilagringssystem og vil redusere utslepp og betre energieffektiviteten.

Med stort lastedekk, høg kranløftekapasitet, sentral moonpool og plass til opptil 120 personar, er det dimensjonert for komplekse offshoreoperasjonar.

Windea Carnot – bygd ved Ulstein Verft

Windea Carnot er eit havvindserviceskip (CSOV) til Bernhard Schulte Offshore, og vart levert frå Ulstein Verft i 2026. Eit søsterskip nærmar seg også levering frå verftet. Fartøyet er designa av Ulstein Design & Solutions AS og er bygd for konstruksjonsstøtte, drifts- og vedlikehaldsoppdrag av havvindparkar. 

Windea Carnot er utstyrt med ein sentralt plassert såkalla "walk-to-work"-gangveg, 3D-kompensert kran og helikopterdekk. 

Skipet er utstyrt med Ulstein si TWIN X-STERN®-løysing, som gir svært god manøvreringsevne, reduserte rørsler og betre drivstoffeffektivitet – viktige eigenskapar for sikre operasjonar til havs. 

Fartøyet har hybrid batteriframdrift og er førebudd for metanoldrift, noko som legg til rette for operasjonar med låge utslepp.

Samspel i verdikjeda

Kvar nominasjon er resultatet av tett samarbeid mellom reiarlag, designmiljø, verft og leverandørar. Denne samarbeidsforma er avgjerande for å kunne levere fartøy i fronten av den teknologiske utviklinga.

Anerkjenning av den maritime næringa

Å verte nominert til Årets Skip er ein av fleire indikatorar på korleis innovasjon og samarbeid blir verdsett i den maritime næringa.

👉 Stem på favorittfartøyet ditt her – du kan stemme éin gong pr dag.

Get in touch

Wilhelm Eggesbø BW WEB

Wilhelm Eggesbø

Description
Sales Manager Newbuild
Affiliation
Ulstein Verft AS
Geir Heltne DSC4460 comp bw

Geir Heltne

Description
Sales Manager
Affiliation
Ulstein Design & Solutions AS

Latest news

Jonas and Vegard at UPC on Sea1 Marataizes
Oppdatering

Læringsoverføring i skipsservice

For skip i arbeid er det avgjerande at systema fungerer optimalt, også mange år etter levering. På eit nyleg serviceoppdrag i Brasil på Sea1 Marataizes sende Ulstein Power & Control ein av sine mest erfarne serviceingeniørar saman med ein av dei ferskaste for å sikre kompetanseoverføring og kontinuitet.