
WINDEA Clausius levert – BS Offshore har overtatt sitt andre TWIN X-STERN- havvindskip frå Ulstein
Bernhard Schulte Offshore (BS Offshore) sitt nyaste havvindserviceskip, WINDEA Clausius, vart levert frå Ulstein Verft den 5. september 2025.
I Ulstein gjer vi visjonar om til verkelegheit, og vi skal vere ein pådrivar for framgang i den maritime næringa.
Gjennom nyheitene og artiklane våre kan du lære meir om korleis vi jobbar i lag med kundar og partnarar og skaper konkurransekraft i næringa.
Bernhard Schulte Offshore (BS Offshore) sitt nyaste havvindserviceskip, WINDEA Clausius, vart levert frå Ulstein Verft den 5. september 2025.
Fredag 15. august 2025 kom skroget til eit nytt havvindserviceskip av typen CSOV fram til Ulstein Verft. Dette markerer eit nytt steg i prosessen mot ferdigstillinga av det toppmoderne fartøyet, som har vorte utvikla for å støtte energieffektive havvindoperasjonar med høg yteevne.
Den 26. juni 2025 fekk Bernhard Schulte Offshore (BSO) overlevert det toppmoderne havvindserviceskipet WINDEA Curie, byggnummer 320, frå Ulstein Verft.
Den 11. mars 2025 kom skroget til byggnummer (bnr) 321 for BS Offshore fram til Ulstein Verft. Dette markerer starten på ein ny fase i skipsbygginga. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS for såkalla 'walk-to-work'-operasjonar (W2W) der personell går over ei rørslekompensert gangbru frå skipet til ein vindturbin.
Søndag 23. februar 2025 vart byggnummer 320 sjøsett ved Ulstein Verft. Skipet er eit havvindserviceskip av typen 'Commissioning Service Operation Vessel' (CSOV) for BS Offshore.
Olympic er ein pioner i offshore-energisektoren. Med ein sterk fokus på berekraft har dei fleire gongar tatt kommersiell risiko ved å satse på nye fartøykonsept. Den seinaste investeringa i to nye havvindskip av typen 'Construction Service Operation Vessel' (CSOV), baserte på Ulstein Group si innovative TWIN X-STERN®-løysing, viser at ei slik satsing løner seg. Reiarlaget kan syne til reduksjonar i drivstofforbruk og utslepp på nær 50 prosent, i forhold til seglande CSOV-ar.
Ulstein leverte havvindskipet Olympic Notos til Olympic den 13. november 2024. Dette toppmoderne fartøyet markerer ein viktig milepåle innan maritim innovasjon og yting. Skipet er eit serviceskip av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV). Som følgje av resultata frå søsterskipet, Olympic Boreas, seier reiarlaget at skipa "opererer med tett på 50 % reduksjon i drivstofforbruk samanlikna med andre seglande CSOV-ar."
09. oktober 2024: Vi kan no feire at det andre konstruksjonsstøttefartøyet (CSOV) til Olympic, Olympic Notos, fullførte prøveturen med glans. Dette er ei viktig markering av skipets utvikling mot full operativ status, i fotspora til systerskipet, Olympic Boreas.
Den 1. oktober 2024 vart det arrangert brennestartsseremoni ved skrogverftet Crist for Ulstein Verft sitt byggnummer 323. CSOV-skipet er basert på den prisvinnande TWIN X-STERN-plattforma og er designa av Ulstein Design & Solutions AS.
På onsdag 21. august 2024, ein månad etter leveringa av 'Olympic Boreas', sjøsette Ulstein Verft 'Olympic Notos', som er det andre havvindskipet av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV) for Olympic. Begge fartøya er baserte på den innovative TWIN X-STERN-løysinga, eit konsept omtala som ein ‘firehjulstrekk' for havet.
Kjølstrekkseremonien på Crist skrogverft 6. august 2024 symboliserer at byggnummer 322 er eit skritt nærmare realisering. CSOV-fartøyet, basert på ein TWIN X-STERN-plattform som er designa av Ulstein Design & Solutions AS, vil vere i stand til å utføre eit breitt spekter av sørvisoperasjonar, inkludert konstruksjonsstøtte, drift og vedlikehald.
CSOV-skipet ‘Olympic Boreas’ er levert til Olympic av Ulstein Verft den 25.07.2024. Skipet er det første av to søsterskip, basert på ULSTEIN SX222-designet frå Ulstein Design & Solutions AS.
ULSTEIN TWIN X-STERN vert omtalt som '4-hjulsdrift på havet' og har vunne prisar for si framifrå manøvreringsevne. Til no har denne innovative funksjonen blitt designa inn i ti nybygg, alle desse skipa er utvikla for walk-to-work-marknaden og dei er opp til 90 meter lange. Subsea og kabellegging er dei neste sannsynlege segmenta som vil kome til å ta i bruk TWIN X-STERN.
10. juni 2024: Byggnummer 318 frå Ulstein Verft fullførte prøveturen sin i helga. Det førsteklasses CSOV-havvindserviceskipet inkluderer avanserte energisystem og ULSTEIN TWIN X-STERN-løysinga i ein prototypkombinasjon.
Konstruksjonsstøttefartøyet (CSOV) "Olympic Boreas" med planlagt levering frå Ulstein Verft i 2024, er nominert til prisen "Årets skip 2024" av juryen i Skipsrevyen.
Ulstein Group ASA