Leveringa av Nexans Electra markerer ein viktig milepåle for oss og stadfestar gjennomføringsevna til Ulstein Verft. Fartøyet er resultatet av eit særs kompetent og engasjert prosjektteam, der Ulstein igjen har vist solid prosjektgjennomføring gjennom alle fasar av eit komplekst byggeprosjekt med eit stort tal integrerte oppdragssystem.
Ulstein Verft leverer kabelleggingsfartøyet Nexans Electra
Ulstein Verft har levert DP3-kabelleggingsfartøyet (CLV) Nexans Electra til Nexans. Fartøyet styrkar Nexans sin kapasitet til å støtte den globale energiomlegginga gjennom installasjon av avanserte undersjøiske kraft- og kommunikasjonskablar.
Styrkar den globale kabelleggingskapasiteten
-Vi set stor pris på det profesjonelle samarbeidet gjennom heile prosjektet og er glade for å ønske Nexans Electra velkomen inn i flåten vår, seier Lars Eriksen, dagleg leiar i Nexans Norway.
Nexans Electra er søsterskip til Nexans Aurora, som vart levert frå Ulstein Verft i 2021, og har auka kapasitet og oppdaterte løysingar. Fartøyet har ei ekstra svingskive under dekk med ein kabelkapasitet på 3 500 tonn, ei svingskive på dekk som rommar opptil 10 000 tonn kabel, og ein fiberoptisk kapasitet på 450 tonn. Når fartøyet går i operativt arbeid i 2026, vil Nexans Electra vere ein viktig ressurs for fornybarprosjekt til havs og energiinfrastruktur over heile verda.
Bygd for avanserte kabelinstallasjonar på havbotnen
Nexans Electra er designa for krevande offshoreoperasjonar og er spesialbygd for transport, legging, vern, reparasjon og skøyting av undersjøiske kraftkablar. Fartøyet tillét høgkapasitetsinstallasjonar, med framifrå manøvreringsevne og evne til å halde posisjon, noko som legg til rette for effektiv drift også under utfordrande vêrforhold.
Med stor kabelkapasitet og spesialisert installasjonsutstyr er Nexans Electra godt eigna for havvindutbyggingar, kraftsamband mellom land og annan kritisk elektrifiseringsinfrastruktur, og gir støtte til Nexans sine totalløysingar for undersjøiske kabelsystem over heile verda.
Sjå innsida av 'Nexans Electra':
Dåpen og overleveringa av Nexans Electra markerer eit viktig steg i den langsiktige investeringsstrategien vår.
-Gjennomføringa er avgjerande i undersjøiske prosjekt, og kabelleggingsflåten vår er heilt sentral for suksess, seier Pascal Radue, Executive Vice President, Nexans Power Transmission Business Group.
-Fartøyet aukar kapasiteten vår vesentleg, slik at vi kan levere dei mest komplekse undersjøiske prosjekta på ein trygg, effektiv og berekraftig måte, akkurat det kundane våre treng i ei tid der energiomlegginga skyt fart.
Ulstein Verft har hatt ansvar for totalleveransen av fartøyet, inkludert utrusting og ferdigstilling ved verftet i Ulsteinvik.


– Med Nexans Electra er vi glade for å kunne legge endå eit avansert kabelleggingsfartøy til Ulstein si referanseliste. Saman med Nexans Aurora viser dette prosjektet evna vår til å levere komplekse, skreddarsydde fartøy til den internasjonale kabelleggingsmarknaden, i tett samarbeid med Nexans, eit erfarent og svært kompetent reiarlag, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.
Leveringa av Nexans Electra styrkar det lange samarbeidet mellom Nexans og Ulstein, og understrekar Ulstein Verft si rolle som ein føretrekt partnar i bygginga av store og komplekse kabelleggingsfartøy til den internasjonale offshore energimarknaden.

Ulstein Verft
Ulstein Verft bygger eit breitt spekter av høgeffektive skip med varig konkurranseevne. Vi tilbyr vår kombinerte kunnskap innan design, prosjektering, prosjektleiing, konstruksjon, installasjon og ferdigstilling. Vi har vore skipsbyggarar sidan 1917, og er kjende for å levere kvalitet til rett tid.

Fasilitetar ved verftet
Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft med utmerkte fasilitetar. I hjartet av verftet finn du ei tørrdokk med dokkhall. Dokkhallen sikrar gode arbeidsvilkår og eit stabilt miljø i nybyggingsprosjekt, skipsreparasjonar og ombyggingar. Hos oss er det kort veg til rørproduksjon, utrusting, maskinverkstad, administrasjonsbygg og andre tenester.

Tørrdokk og dokkhall
Det kontrollerte miljøet i ei tørrdokk gir ei optimal ramme for skipskonstruksjon og skipsreparasjonsprosjekt. Beskytta frå elementa kan arbeidarane våre arbeida trygt og effektivt, upåverka av dårleg vêr eller turbulent sjø.



















