Dårleg tid? Her er to hovudpoeng frå artikkelen:
Kva type fartøy eignar seg for ombygging til kjernekraft?
For å forstå moglegheitene og utfordringane ved kjernefysisk ombygging betre, gjennomførte Henrik Høidal, systemarkitekt i Ulstein, ei konseptstudie basert på eit enkelt spørsmål:
Korleis kan eit eksisterande dieselmekanisk fartøy byggjast om til kjernefysisk framdrift med teknologi som er tilgjengeleg i dag?
Studien såg på tekniske krav, fartøymodifikasjonar og driftsmessige konsekvensar av ei slik ombygging, under føresetnad av at framtidige regelverk og godkjenningar er på plass.

Høidal starta med å velje fartøytype og ein operasjonsprofil å vurdere. Kjernefysisk ombygging passar ikkje for alle fartøy. Ein sterk kandidat vil truleg ha eit høgt forbruk av drivstoff årleg, lange periodar med føreseieleg effektbehov og tilstrekkeleg attverande levetid. For fartøy som brukar lite drivstoff per dag eller driv svært dynamisk drift kan investeringa vere vanskelegare å forsvare.
Etter å ha vurdert ulike fartøytypar og operasjonsprofilar valde Høidal å basere studien på ULSTEIN SX157, eit design for langdistanseslep.
Langdistanseslep kan innebere veker, eller til og med månader, med kontinuerleg drift og høgt forbruk av drivstoff. Tabellen under viser eit døme på ein 30-dagars slepeoperasjon. Dersom fartøyet går på 45% motorkraft, brukar det nesten 50 m³ drivstoff per dag. Ved 65% kraft er forbruket nær 70 m³ per dag. Vi snakkar altså om store mengder drivstoff som fører til høge utslepp og kostnadar.
Tala i dette dømet er estimerte og gjeld spesifikt slepeoperasjonar. Operasjonsprofilen til langdistanseslepefartøy omfattar vanlegvis lengre periodar med mindre drivstoffintensiv drift, som transitt, stasjonær drift på feltet og tid ved kai.
| Example (30-day towing campaign) | m3/day | m3/duration |
|---|---|---|
| Towing at 45% prop. MCR | 47.87 | 1436.1 |
| Towing at 65% prop. MCR | 68.65 | 2059.5 |
Løysinga
Studien til Høidal viser at ei kjernefysisk hybridløysing kan redusere bruken av konvensjonelt drivstoff med meir enn 50% i mange driftsscenario. Under transitt og lett slep kan fartøyet operere heilt på kjernekraft, med 100% reduksjon i konvensjonelt drivstoffbruk. Ei slik løysing vil dermed redusere drivstoffkostnadene, kutte utslepp og gjere reiarlag og operatørar mindre utsette for svingingar i bunkerprisane.

Hovudideen er at ein kan få 100% reduksjon i drivstoffbruk under transitt og ein stor utsleppsreduksjon i nesten alle driftsmodus









