Dajin Heavy Industry er ein leiande leverandør av mellom anna fundament til havvindindustrien.
Etablerer seg i installasjonsmarknaden offshore
Prosjektet markerer ei utviding av Dajin sine kapasitetar frå produksjon, logistikk og transport til også å omfatte offshoreinstallasjonar. Det gjer selskapet i stand til å tilby integrerte løysingar i heile verdikjeda for havvind og redusere grensesnitta mellom ulike aktørar i prosjektgjennomføringar.


Kombinerer U-STERN® og X-BOW® for auka operabilitet ved krevande forhold offshore
Fartøyet er dimensjonert for å kunne installere framtidige 4XL-monopælar, men kan også nyttast til konstruksjons- og dekommisjoneringsoppdrag i olje- og gassindustrien.
ULSTEIN HX122 er utvikla for framtidige installasjonskrav og kombinerer eit stort arbeidsdekk, avanserte løftekapasitetar, dynamisk posisjonering og Ulstein sine skroginnovasjonar.
U-STERN®-løysinga i akterskipet gjer det mogleg å lagre og røyse monopælar langs senterlinja til fartøyet. I kombinasjon med X-BOW® i baugen kan fartøyet posisjonere seg med baugen mot dei rådande bølgene under installasjonsarbeidet. Det reduserer rørslene i arbeidsområdet akterut, noko som gir høgare operasjonsevne og utvidar vêrvindauget for å utføre arbeid i krevande installasjonsforhold offshore.
Prosjektet speglar utviklinga i havvindindustrien, der større fundament og meir komplekse prosjekt stiller nye krav til fartøydesign, operasjonsevne og installasjonskapasitet.
– Havvindindustrien går inn i ein ny utviklingsfase, og installasjonskapasitet er den største flaskehalsen for prosjektgjennomføring, seier Feng Qi, visepresident i Dajin.
- ULSTEIN HX122 med U-STERN® er ein viktig del av satsinga vår på å styrke den siste fasen i leveransekjeda for havvindfundament. Målet er å utvikle høgtytande og fleksible installasjonsfartøy som knyter saman produksjon, transport og installasjon i ei samanhengande leveranse frå Dajin. Slik kan vi betre støtte storskalautbygging av havvind.
– Vi er glade for å kunne ønskje Dajin Heavy Industry velkommen som ny kunde, seier Edwin van Leeuwen, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions B.V.
- Dajin har ein sterk posisjon i leverandørkjeda for havvind, og vi set pris på tilliten dei viser når dei no går inn i marknaden for offshoreinstallasjonstenester med eit skip som er designa av oss. Prosjektet kombinerer Dajin si industrielle kapasitet med Ulstein si erfaring i å utvikle fartøy for krevande offshoreoperasjonar, og vi ser fram til eit tett samarbeid om dette spennande prosjektet.







