Då Jonas Fagervoll Sporstøl reiste ut på sitt første oppdrag sommaren 2026, hadde han med seg Vegard Ask, ein av dei mest erfarne kollegaene i selskapet.
Sea1 Marataizes (2016) er, saman med søsterskipet Sea1 Maragogi (2014), basert på ULSTEIN P801-designet og utvikla for Petrobras i Brasil. Ulstein Power & Control har levert sentrale system som kraftdistribusjon, automasjon og integrerte løysingar.
Jonas og Vegard i Rio i samband med Jonas sitt første serviceoppdrag.

Viktig arbeid for drift og kontroll
På Sea1 Marataizes har arbeidet omfatta oppfølging av det integrerte automasjonssystemet (IAS) og installasjon av BLUE BOX.
IAS er kjernen i styring og overvaking av fartøyet, med kontroll over alt frå framdrift til energibruk. BLUE BOX koplar skipet til land og gir tilgang til sanntidsdata, som legg til rette for betre drift, lågare energibruk og meir effektiv feilsøking, både om bord og frå land.
– Slike oppdrag bidreg til meir effektiv drift og høgare oppetid, seier teamet.
BLUE BOX koplar skipet til land og gir tilgang til sanntidsdata.

Erfaringsoverføring
For Jonas har oppdraget vore ein viktig start på karrieren, med tett samarbeid og læring frå ein erfaren kollega. For Vegard vart dette samstundes det siste oppdraget etter mange år i Ulstein Power & Control. Han går vidare til Blue Ctrl, eitt anna av selskapa i Ulstein Group, og kompetansen blir dermed verande i konsernet.
Verdien av kontinuerleg oppfølging
Dei ulike selskapa i Ulstein følger kundane sine gjennom heile livsløpet til fartøyet, frå design og levering til drift, oppgradering og optimalisering. For kundane betyr dette betre utnytting av fartøyet og lågare kostnader.
Fotoet nedanfor: Jonas (til venstre) saman med Vegard på sitt første serviceoppdrag for Ulstein Power & Control.






