– Dette resultatet synleggjer den høge graden av dedikasjon, kompetanse og omstillingsevne som kjenneteiknar organisasjonen vår. Vi ønsker å rette ei stor takk til alle tilsette for den solide innsatsen som er lagt ned. Samtidig vil vi òg takke kundane våre for tilliten og det gode samarbeidet, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

Eit år med høg aktivitet og strategisk framgang
Året var prega av stor aktivitet i konsernet. Fleire skipsbyggingsprosjekt blei leverte, medan andre prosjekt var i ulike fasar av ferdigstilling, noko som sikra kontinuitet i drift og kapasitetsutnytting innan skipsbyggingsområdet.
Tildelte kontraktar
Ordrereserven i Ulstein vart styrka gjennom inngåing av fleire viktige kontraktar, inkludert ein kontrakt på to fiberoptiske kabelleggingsfartøy for OMS Group i Malaysia. Dette er eit gjennombrot for Ulstein på denne type skip. Ulstein sine leveransar inkluderer design, ein integrert hybrid kraft- og automasjonspakke, og bygging ved eige verft. Vårt designselskap i Nederland inngjekk ein stor skipsdesignkontrakt for Penta-Ocean Construction i Japan, samt design på to steininstallasjonsskip for Van Oord, Nederland. Desse prosjekta viser Ulstein sin posisjon i dei veksande internasjonale marknadene innan fiberoptisk kabellegging og havvind, og evna til å levere avanserte løysingar tilpassa kundebehov.

Jamnar ut sykliske svingingar med breiare leveransar
Parallelt med nybyggingsaktiviteten heldt Ulstein fram med å utvikle ettermarknads- og serviceaktiviteten, noko som bidreg til å balansere dei naturlege svingingane i nybyggingsmarknaden, og over tid styrker vår moglegheit til å vidareutvikle konsernet. Service, oppgraderingar og langsiktige serviceavtalar er viktige tilbod til kundar over heile verda.

Posisjonert for framtidige moglegheiter
Sjølv om vi generelt er inne i ei uroleg geopolitisk tid som også pregar marknaden, ser ein langsiktige moglegheiter, mellom anna innan havvind, maritim infrastruktur og cruise.
Lokalt eigarskap gir langsiktigheit og investeringar i samfunn, langt utover eigne verksemder. For å halde oppe ein sterk maritim industri i Noreg, er det avgjerande å utvikle attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar med god infrastruktur og tilgang på kompetanse. Ulstein vil framleis jobbe for at HAFAST skal verte ein realitet. Vi er særleg uroa over auka eigarskattar, som dermed gir mindre kapital til å investere i næring, lokalmiljø og framtidsretta arbeidsplassar.
Konkurransedyktige, langsiktige rammevilkår og tett samarbeid mellom næring og styresmakter er sentrale for vidare verdiskaping.
– Noreg har ei unik moglegheit til å vere i front i den globale maritime industrien. Gjennom sterke industrimiljø, satsing på kompetanse, teknologi og innovasjon, kan vi halde fram med å skape berekraftig vekst og framtidsretta løysingar, seier Gunvor Ulstein, og held fram: - Då er det viktig at styresmaktene legg til rette for det.
Ulstein Group går inn i 2026 med ein ordrereserve som gir eit godt fundament å bygge vidare på framover.
Ulstein Group sine hovudtal for 2025:
Driftsinntekter: 3,0 milliardar kroner (2024: NOK 3,1 milliardar)
Driftsresultat: 219,2 millionar kroner (2024: NOK 198,8 millionar)
Resultat før skatt: 182,7 millionar kroner (2024: NOK 135,1 millionar)
Om Ulstein Group
Ulstein Group vart etablert i 1917 og er eit familieeigd konsern i tredje generasjon med hovudkontor i Noreg. Selskapet er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for fartøy. Gunvor Ulstein er konsernsjef, og Tore Ulstein er styreleiar.










