

Hurtigoppdrag over tidssoner
- Ocean Victory hadde eit hurtigoppdrag der vi i forkant måtte endre konfigurasjonen til ei midlertidig fjernløysing. Deretter reiste eg ned, installert to nye kontrollar, retta konfigurasjonen og gjennomførte testing om bord, fortel Markus.
- Når eg allereie var der, ville operatøren også ha meg om bord på Ocean Albatros for inspeksjon av systema, eit forarbeid før fartøyet går i tørrdokk april/mai 2026 for oppgradering, samtidig med Ocean Victory. I tillegg eg lukka fleire småting på bestilling frå chiefen.
- Turen tok eg åleine, men eg hadde god støtte frå kontoret vårt og BlueCtrl når eg trengte det.
Om fartøya
Ocean Victory og Ocean Albatros er del av SunStone Ships si Infinity-klasse og er designa av Ulstein med X-BOW-skrogform, som gir lågare drivstoffbruk og betre komfort i sjø. Begge skipa seglar for Polar Latitudes Expeditions under leiing av Nordic Cruise Management i Hamburg.
Globale tenester
Oppdraget viser korleis Ulstein Power & Control leverer global service og garanti på tvers av tidssoner og marknader, med eit porteføljeansvar på om lag 450 skip. Slike oppdrag knyter saman kompetansen på design, system, integrasjon og operasjon. Med innsatsen frå serviceingeniørane, støtteteama på kontora i Ulstein Power & Control og BlueCtrl er skipseigarane trygge og operative, også når det hastar.
Dette visste du kanskje ikkje:
Kvar ligg Ushuaia?
Ushuaia er verdas sørlegaste by. Byen ligg ved Beagle-kanalen i Argentina. Ushuaia er porten til Antarktis, med mange ekspedisjonscruise som startar her.
Kor lang tid tek turen frå Ulstein til Ushuaia?
Det finst inga direkterute, så reisa skjer med fly via fleire mellomlandingar. Frå Oslo til Ushuaia tek det typisk rundt 39 timar med fly (inkludert mellomlandingar). Totalt bør du




