Ulstein

Ulstein Design & Solutions AS sikrar rekordstor ettermarknadskontrakt for kabelleggingsfartøyet Orient Adventurer

Ulstein Design & Solutions AS har signert sin største ettermarknadskontrakt til no for kabelleggingsfartøyet Orient Adventurer. Kontrakten med Dong Fang Offshore (DFO) omfattar både design og engineering, med bidrag frå fleire av selskapa i Ulstein. 

Publisert
27 januar 2025
Del

- Vi har jobba med Ulstein før og synest folka er veldig profesjonelle. Ulstein kjenner fartøyet godt, og det gir oss tryggheit å vite at alt vil fungere når vi skal i gong med  ombygginga. Å velje Ulstein Design & Solutions gjer planlegginga og installasjonane mykje enklare; Det vil forkorte tidsplanen, og for oss er det avgjerande, saman med ei vellukka levering til kundane.

Teknisk sjef, DFO - Grant Hermanus.

Skipet er eit ULSTEIN SX121-design frå Ulstein Design & Solutions AS, opphavleg levert som eit offshorekonstruksjonsskip, bygg nummer 300 frå Ulstein Verft. 

Ved leveringa i 2014 var fartøyet utstyrt med eit Huisman VLS -tårn (vertikalt leggesystem), plassert i det potensielt framtidige kabelleggingsområdet. Tidlegare i år har fartøyet vorte oppgradert med eit kabelleggingssystem for å utvide tenestene sine inn mot den veksande sektoren for fornybar havenergi. 

Gjennom kontrakten på design og engineering vil Orient Adventurer gå gjennom ei omfattande ombygging. 
Tårnutstyret vil bli flytta til nye rom på hovuddekket, og A- og B-dekka. Fartøyet vil også bli utstyrt med fundament for W2W gangvegsystem og ein 3000-tonns kabelkarusell frå Huisman. Ombygginga skal vere ferdig i 2025 slik at fartøyet kan vere klart for operasjonelt arbeid i 2026.

  • Orient Adventurer
    Orient Adventurer i operasjon.
  • Signering av ettermarknadskontrakt mellom Ulstein Design & Solutions og Dong Fang Offshore - Orient Adventurer
    Frå venstre: Grant Hermanus, teknisk sjef i Dong Fang Offshore. Roy Lindset, Salssjef for service og ettermarknad i Ulstein Design & Solutions.
  • Signering av ettermarknadskontrakt mellom Ulstein Design & Solutions og Dong Fang Offshore - Orient Adventurer
    Frå venstre: Runar Muren, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions. Grant Hermanus, teknisk sjef i Dong Fang Offshore.
  • Orient Adventurer
    Orient Adventurer i operasjon.

Ulstein Design & Solutions AS har frå før også signert ein engineeringskontrakt på ein ny boligmodul for dette fartøyet. 

Administrerande direktør Runar Muren i Ulstein Design & Solutions seier at denne milepålen ikkje berre er viktig for selskapet. Den store kontrakten synleggjer også Ulstein si aukande breidde og ekspertise innan ettermarknadstenester til den maritime sektoren.

Skipsrefereranse: Orient Adventurer (Polar Onyx) | Ulstein

Ta kontakt

DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Beskrivelse
Manager service dept.
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Ulstein
Pressemelding

Ulstein designar banebrytande tungløftsfartøy for Penta-Ocean Construction

Japanske Penta-Ocean Construction har gitt Ulstein Design & Solutions B.V. , Rotterdam, oppdraget med å designe sitt nye tungløftsfartøy for installasjon av havvindfundament. Skipet er basert på ein versjon av designet ULSTEIN HX118 og vil ha ei 5 000-tonns kran frå Huisman og hekkforma ULSTEIN U-STERN™, som gjer det mogleg å installere dei stadig større monopålefundamenta.

Motion compensated gripper frame
Pressemelding

Ulstein bidreg på integrasjonen av den rørslekompenserte gripearma for Heerema sin 'SSCV Thialf'

I tett samarbeid med Heerema har Ulstein Design & Solutions BV levert omfattande engineeringstenester for å integrere den innovative rørslekompenserte gripearma (motion-compensated gripper frame - MCGF) på Heerema Marine Contractors sin ‘SSCV Thialf’. Denne avanserte teknologien er avgjerande for effektiv installasjon av store monopælar for havvindparkar, og driv framgangen innan fornybar energi. Den halvt nedsenkbare kranfartøyet spelar ei essensiell rolle i å fremje havvindteknologi, og hjelper til med bygginga av framtidige vindparkar som er viktige for den globale energiomlegginga.

Energi
DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Manager service dept.

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS