I oktober 2025 var Edda Freya innom Ulstein Verft for ei mobilisering på svært kort varsel. I tillegg til mindre oppgåver som skulle utførast, skulle den 350 tonn tunge krana flyttast.
Skipet kan utføre mange typar operasjonar som offshore konstruksjon, kabellegging og IMR-oppdrag.
- Edda Freya har to kranposisjonar om bord, avhengig av oppdragstype – anten det gjeld kabellegging eller anna arbeid. Denne gongen fekk vi eit hasteoppdrag der krana måtte flyttast frå midtskips til akter. Flyttinga måtte skje raskt, og Ulstein Verft var raske med å takke ja, fortel flåtesjef Arne Sørstrønen i Østensjø.
- Trass kort varsel hadde verftet både kapasiteten og utstyret vi trengde, med løftekapasiteten som det viktigaste kravet. Ulstein er kjent for si fleksibilitet, og dei stilte med kompetente fagfolk og nødvendig kunnskap mellom anna på mekanisk og elektro - dette er noko dei kan.
- Verftet si strategiske plassering heilt ute i havgapet er også viktig, understrekar Sørstrønen.
Tid er heilt avgjerande
Langt frå «berre ein løfteoperasjon»
Tid er heilt avgjerande
Hans Ole Låbakk, områdesalssjef ettermarknad i Ulstein Verft, fortel at ettermarknadsprosjekt av denne typen ofte kallast «just-in-time-leveransar», der tida er knapp og det kan oppstå uføresette hendingar som krev rask involvering av nye ressursar.
- For reiarlaga, som har tidspress i kontraktar med sine kundar, er det heilt avgjerande at tid ved kai vert mest mogleg avgrensa. Difor er omstillingsevne, effektivitet og leveringspresisjon nøkkelomgrep når dei skal velje ein samarbeidspartnar for å sette fartøyet i stand til å ta fatt på neste operasjon.
Langt frå «berre ein løfteoperasjon»
I slike prosjekt er god koordinering, omstillingsevne og effektivitet nøkkelomgrep som gjer all forskjell. Mobilisering og demobilisering vert oftast løyst ved hjelp av ei Terex-beltekran med 600 tonn løftekapasitet, styrt av ei eiga tungløftsavdeling i verftet. God planlegging, sikkerheit og presisjon er svært viktig for slike operasjonar.
Hans Ole Låbakk fortel at utfordringane vart løyst smidig og effektivt med høg serviceinnstilling frå alle partar.
For å lukkast med slike løfteoperasjonar, og ikkje minst alt arbeid rundt, er samarbeid med andre disiplinar ved verftet og kunden avgjerande for leveransen.
Den ferske prosjektleiaren Geir-Arne Sæternes Walø har lang fartstid bak seg i verftsindustrien, både som operatør og ingeniør, men dette var første gong han tok på seg rolla som prosjektleiar.
- Eg har endå ikkje opplevd at vi ikkje har den kompetansen vi har behov for her på verftet, seier han og utdjupar:
- Nye utfordringar undervegs gjorde at ein måtte hente arbeidskraft frå andre avdelingar. Til dømes var utrusting og innreiing avdelingar som ikkje var involverte i prosjektet, men som klarte å mobilisere raskt og effektivt for å få prosjektet i hamn. Samarbeidet med reiarlaget har vore framifrå, dei er løysingsorienterte og skaffa avgjerande informasjon på kort tid.

Interessert i våre krantjenester?
Vi leverer krantjenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av beltekran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og langs kysten.