Ulstein

Ulstein får kontrakt på å bygge om CSOV-skipet Olympic Notos

Ulstein Verft har inngått kontrakt med Olympic om å byggje om Olympic Notos, tilpassa oppdrag for ubemanna innretningar på norsk kontinentalsokkel. Prosjektet gir mykje arbeid til Ulstein.

Publisert
25 juli 2025
Del

Olympic Notos er eit toppmoderne, hybriddrive CSOV-fartøy basert på ULSTEIN SX222-designet, som vart bygd av Ulstein Verft og levert til Olympic i 2024. Skipet har sidan vore kontinuerleg i drift og har vist framifrå drivstoffeffektivitet i operasjonar, og har fått svært gode tilbakemeldingar frå store kundar innan offshore vind. Kundane framhevar spesielt fartøyet si unike kombinasjon av komfort, operabilitet og effektivitet – både når det gjeld drivstoff og operasjon.

Ulstein

Skipet skal vidare nyttast som Walk-to-Work (W2W)-fartøy for ubemanna produksjonsplattformer på norsk kontinentalsokkel, der Olympic er tildelt ein femårig charterkontrakt med AkerBP. Skipet må tilpassast for å møte spesifikasjonar og krav som vert stilte for slike innretningar på norsk sokkel. Fartøyet er spesialdesigna med lågt utsleppsnivå, høg operabilitet og svært gode buforhold – ideelt for heilårsoperasjonar under krevjande forhold i Nordsjøen, der gangvegen skal vere permanent tilkopla plattforma så lenge det er personell om bord på innretningane. W2W-løysinga vil òg fungere som primær rømmingsveg.

Vi har jobba godt med Olympic sidan januar 2025 og fram til kontraktsigneringa for å møte spesifikasjonar og krav som krevst for at skipet skal vere klart til denne typen oppdrag, 

fortel områdesalssjef ettermarknad Marita Myrvågnes i Ulstein Verft.

Den omfattande ombygginga er alt i gang, med designarbeid frå Ulstein Design & Solutions. Ulstein Verft vil gjennom hausten prefabrikkere delar som skal nyttast i prosjektet. Sjølve ombygginga vil finne stad på nyåret 2026, og skipet skal vere klart for oppdrag offshore våren 2026.

Ta kontakt

Marita Myrvågnes bw

Marita Myrvågnes

Beskrivelse
Area Sales Manager Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

2025 07 07 54c9d2665c 20250705202810 0062 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
Pressemelding

Ulstein Verft startar på utrustinga av kabelleggingsskipet Nexans Electra

Skroget til DP3-kabelleggingsfartøyet Nexans Electra kom til Ulstein Verft den 5. juli 2025. Dette markerer starten på utrustings- og ferdigstillingsfasen til skipet. Når det er ferdig i 2026, vil det ha ei todelt svingskive på dekk med kapasitet opp til 10 000 tonn kabel, ei svingskive under dekk med ein kapasitet på 3 500 tonn kabel, og ein fiberoptisk tank med ein kapasitet på 450 tonn.

Marita Myrvågnes bw

Marita Myrvågnes

Area Sales Manager Aftermarket

Tilknytning
Ulstein Verft AS