
Prosjektet har omfatta utskifting av det eksisterande gangvegsystemet (Walk-to-Work / W2W) med ei spesialisert løysing utvikla for Yggdrasil-utbygginga på norsk sokkel, med støtte til operasjonar på Munin-plattforma.
Les meir om Yggdrasil-utbygginga


Olympic Notos klart til offshore W2W-arbeid etter ombygginga
– Dette prosjektet viser Olympic si evne til å gjennomføre komplekse modifikasjonar i tett samarbeid med kunden, verftet og sentrale leverandørar. Olympic Notos skal no gjennomgå offshoretesting og vil snart vere klar til å levere trygge og pålitelege W2W-operasjonar på norsk sokkel. Vi ser fram til å starte opp på Yggdrasil, seier Marius Bergseth, COO i Olympic.
Fartøyet er utstyrt med ein rørslekompensert gangveg. Det gjer at personellet kan bu om bord, samtidig som dei er sikra ein trygg og effektiv tilgang til offshoreinstallasjonar. Gangvegen fungerer også som ein viktig del av tryggingsoppsettet på feltet.
Ombygginga har kravd omfattande integrasjon av nye system og utstyr, gjennomført i tett samarbeid mellom Ulstein, Olympic og Aker BP.
Ferdigstillinga av Olympic Notos er ein ny milepåle for ettermarknadsaktivitetane ved Ulstein Verft og eit døme på korleis eksisterande fartøy kan utviklast for nye behov.

Ettermarknad
Ettermarknad dekker eit breitt spekter av tenester for å ta vare på eit skip gjennom heile livsløpet. Vi gjer alt frå service og vedlikehald til større ombyggingar og oppgraderingar. Er ditt fartøy klart til komande oppdrag?

Fasilitetar ved verftet
Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft med utmerkte fasilitetar. I hjartet av verftet finn du ei tørrdokk med dokkhall. Dokkhallen sikrar gode arbeidsvilkår og eit stabilt miljø i nybyggingsprosjekt, skipsreparasjonar og ombyggingar. Hos oss er det kort veg til rørproduksjon, utrusting, maskinverkstad, administrasjonsbygg og andre tenester.







