Olympic Zeus i Fosnavaag

Kort responstid og komplette tenester gjer at Olympic vel Ulstein

Olympic er ein hyppig kunde hos Ulstein for mindre og større designoppdrag og for verftsarbeid som dokkingar og oppgraderingar. Eitt kontaktpunkt, rask respons og brei ekspertise er nokre av årsakene.

Publisert
18 oktober 2023
Del

Olympic sin flåte

Olympic har ein flåte på ti skip, av desse er to designa av Ulstein. Gjennom åra har reiarlaget bygd seks avanserte skip på Ulstein Verft og har to nybygg i ordre no. 

Nedanfor er eit foto av Olympic Zeus, eitt av Ulstein Verft sine nyaste ettermarknadsoppdrag for Olympic.

Olympic Zeus i Fosnavaag
Olympic Zeus, fotoet er tatt utanfor Olympic sitt kontor i Fosnavåg.

Hurtig respons

- Vi opererer på korte fristar, og då er det viktig at ting kan skje fort, understrekar Tord Vågsholm, operations manager i Olympic.

- Eit typisk behov hos klientane våre er at dei treng hydrostatikkdata for å berekne og planlegge operasjonar, det er noko av det Ulstein kan bidra med.

Tord Vaagsholm Olympic
Tord Vågsholm, operations manager i Olympic.

Ryddig organisering gjer at ein unngår 'stolleiken' på Ulstein

- Ulstein er organiserte på den måten at dei har éin kontaktperson på ettermarknad og service. Det er veldig ryddig og gjer at vi slepper å halde på med 'stolleiken' for å kome til rett person, fortel Tord.

- Vi har dermed eitt kontaktpunkt når det gjeld å hente inn pris, få svar på leveringstid, og å koordinere oppgåvene. Vi opplever at Ulstein har alle ressursane in-house for å kunne gi oss dei svara vi treng, og dei brukar kort tid på å svare. Dette funkar veldig bra, og vi får bygd eit godt og tett forhold til den personen vi samarbeider med. 

Designendringar på Ulstein og andre sine skipsdesign

Nokre gongar må det gjerast endringar i skipsdesignet: 

- Klientane våre treng gjerne å få utført endringar på skipet for at det skal vere tilpassa ein ny operasjon, fortel Tord. 

- Då er det godt å kunne kontakte designselskapet, Ulstein Design & Solutions, direkte som sit på detaljkunnskap om fartøyet. Det kan for eksempel vere å få inn nytt utstyr som gjer at meir stål må inn. Eitt eksempel er då vi skulle installere ROV-utstyr på mesanindekket om bord på Olympic Zeus på vårparten i år. Ulstein utførte nye styrkeberekningar for å kunne fasilitere anna utstyr enn det opprinneleg var designa for.

Ulstein har gode ressursar på engineering og kan også utføre redesign av eksterne skipsdesign, dersom det opphavlege designselskapet ikkje har tid til å utføre dette.

 

Olympic Ares foto Peder Otto Dybvik
Olympic Ares, eitt av Ulstein Verft sine ettermarknadsoppdrag for Olympic. Foto: Peder Otto Dybvik.

Verftstenester

- For Olympic er det eit viktig mål at vi kan utføre operasjonane våre på ein måte som er 'Smarter, Safer, Greener'. Og vi er då avhengige av verft og underleverandørar, som Ulstein, som kan vere med oss å tenke nytt med ny teknologi, og levere eit sluttprodukt med topp kvalitet til avtalt tid. Det er viktig med eit verft som kan ta på seg oppdrag på kort varsel, eller varsla oppdrag. Ulstein Verft ligg sentralt til ved skipsleia på Sunnmøre, og har ei dokk og ein overbygd dokkhall, fleire servicekaier, eit kompakt verftsområde og god løftekapasitet. Dokkingar og overhalingar er typiske oppdrag, og i andre halvdel av oktober kjem Olympic Ares inn på Ulstein Verft til ti-årsklassing.

Nybygging

Olympic nyttar også Ulstein til nybygg av skip og har kontrakt på design og bygging av to nyutvikla serviceskip for havvind, der det første skroget kjem til verftet seinare i år. Skipa er designa med det nye designkonseptet TWIN X-STERN, som inneber at det har hovudpropellar framme og bak. Serviceskipa innan havvind ligg størstedelen av tida i posisjon ved turbinane, med hovudpropellar framme og bak vil dei ta ned energibehovet til eit nytt nivå når skipa ligg på posisjon.

Den komplette maritime klynga på Sunnmøre er ein stor styrke

Olympic er opptekne av å ta vare på styrken som ligg i den maritime klynga på Sunnmøre. – Vi tek vår skjerv av dette. Det vi kan gjere på Sunnmøre det gjer vi på Sunnmøre, understrekar Tord.

Ta kontakt

DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Beskrivelse
Manager service dept.
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Relaterte nyheiter

DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Manager service dept.

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS