Island Constructor service assignment

Skal integrere nytt subseautstyr på Island Constructor

Subseaskipet Island Constructor, bygg 279 frå Ulstein Verft, kjem tilbake til byggeverftet i januar 2024 for eit serviceoppdrag. 

Publisert
19 desember 2023
Del

Skipet avsluttar ein brønnservicekampanje rett over nyåret og skal då til Bergen for å ta av brønnserviceutstyret som har vore om bord i 14 år. Det skal erstattast med neste generasjons subseautstyr, og skipet går deretter til Ulstein Verft som skal integrere det nye utstyret. Ulstein Design & Solutions har allereie vore inne i biletet for å gå gjennom dei endringane som må gjerast. 

- Utstyret skal no bli tilpassa i hangaren, på dekket, i tårnet og skuta generelt, fortel Trond-Eivind Larsen, som er topside group leader i operatørselskapet TIOS, ein del av TechnipFMC-konsernet. 

Det vil også verte gjennomført diverse anna servicearbeid for Island Offshore som blant anna installering av behandlingssystem for ballastvatn (BWTS) og overhaling av motorane.

Dette er eitt av fleire nye service-/ettermarknadsoppdrag som Ulstein Verft har signert den siste tida.

Island Constructor service assignment

Ta kontakt

Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Beskrivelse
Sales Manager Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Sales Manager Aftermarket

Tilknytning
Ulstein Verft AS