Aurora Offshore

Aurora Offshore fekk installert landstraum: - Vi hadde eit suverent integreringsteam frå Ulstein om bord

Tre av dei ti plattformforsyningsfartøya i Aurora Offshore-flåten er designa av Ulstein. I samband med Ulstein si klasseoppgradering av leveransane sine på automasjon-, kraft- og kommunikasjonssystema vart fartøya også oppgraderte med landstraumtilkopling.

Publisert
11 desember 2023
Del

For eit reiarlag er det tryggjande at Ulstein ikkje berre har design- og ingeniørkapasitet til å redesigne eller oppgradere fartøyet og personellet som kan utføre klassifiseringa av Ulstein sine leveransar på power- og automatiseringssystem. Ulstein har også eit elektrikarmiljø som kan bidra innan power-fleksibiliteten til fartøya. For Aurora Offshore opna dette ei moglegheit til å få installert landstraum medan andre aktivitetar frå Ulstein pågjekk.

Klassinga og landstrauminstallasjonane har vorte utførte på Aurora Power og Aurora Protector i 2023. Aurora Storm skal klassast i 2024 og har allereie installert landstraumtilkopling.

Eit saumlaust prosjekt: - Dei visste kva dei skulle gjere

– Medan arbeidet med klassing av Ulstein sine power- og automasjons-leveransane vart utførte, fann vi det veldig praktisk å velje Ulstein også for landstrauminstallasjonen, seier Kenn-Marius Ludviksen, som er teknisk sjef i Aurora Offshore.

- Vi hadde eit supert team frå Ulstein om bord. Dei var svært erfarne, dei visste kva dei skulle gjere, og trong ikkje stille oss spørsmål. Arbeidet hadde jamn framdrift og resultatet vart veldig bra, konstaterer Ludviksen.

Ulstein sitt ettermarknadspersonell yter støtte og service til kundar innan heile spekteret av leverte komponentar. Ulstein spesialiserer seg på systemintegrasjon i skip, og tilbyr framtidsretta løysingar som optimaliserer fartøyet si yteevne og forbetrar den operasjonelle effektiviteten. Ein av dei viktigaste fordelane er Ulstein si evne til å saumlaus integrasjon med eksisterande skipssystem. Dette sikrar ein jamn overgang og minimal forstyrring under implementeringsprosessen.

People from Ulstein

Ta kontakt

Per Einar Moldskred DSC4336 comp bw

Per Einar Moldskred

Beskrivelse
Service Manager
Tilknytning
Ulstein Power & Control AS

Relaterte nyheiter

Per Einar Moldskred DSC4336 comp bw

Per Einar Moldskred

Service Manager

Tilknytning
Ulstein Power & Control AS