Ulstein sitt tverrfaglege ingeniørteam frå forretningsområdet Design & Solutions leverte styrkeberekningane og dei oppdaterte planane for ombyggingsjobben på Ulstein Verft.
Det mest omfattande arbeidet i ombygginga var å implementere ein moonpool og montere eit avtakbart mezzanindekk og å bygge fundamentet for eit geoteknisk boretårn og ei A-ramme slik at Fugro Resilience vart førebudd for nye oppdrag i havvindsektoren. Ombygginga inkluderte modifisering av dei interne fartøyssystema for å stette Fugro sine behov.
- Fullførte ombyggingsprosjektet i tide og innanfor det avtalte budsjettet
Ulstein Verft bygde om Fugro Resilience, medan Ulstein Design & Solutions AS redesigna skipet, men også søsterfartøyet Topaz Endurance.
Lawrence Cozens er prosjektdirektør hos Fugro og seier:
- Ulstein og Fugro samarbeidde frå konseptdesign fram til levering av Fugro Resilience. Ulstein var godt eigna for dette prosjektet då dei opphavleg står bak fartøysdesignet. I løpet av designfasen vart fleire dekksoppsett vurderte før ein landa på den beste layouten for kvart av søsterfartøya. Ulstein fullførte deretter ombyggingsprosjektet i tide og innanfor det avtalte budsjettet. I alle ombyggingsfasane har begge teama levert kvalitetsløysingar.
Salssjefen på ettermarknad i Ulstein Verft, Martin Sundgot Hansen, seier at dette prosjektet passar Ulstein godt:
- Vi har alle naudsynte ressursar for handa, så vi kan jobbe effektivt og sikre kvalitet i arbeidet vårt. Samarbeidet med Fugro har vore utmerkt, og vi er glade for at dei valde Ulstein til dette prosjektet.