Frigate Illustration thyssenkrupp Marine Systems

thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein samarbeider om mogleg fregattkontrakt

På Undersea Defence Technology-konferansen 26. mars 2025 signerte thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein Verft ein intensjonsavtale om felles innsats for å levere dei neste avanserte fregattane til den norske marinen.

I Flåteplanen av 2024 er det lagt opp til at Noreg skal skaffe fem eller seks fregattar til erstatning for fregattane i Fridtjof Nansen-klassen. Aktuelle kandidatar er den britiske Type 26, den tyske F127, den amerikanske Constellation-klassen og den franske FDI.

Tysk-norsk industrisamarbeid

I tilfelle kontraktstildelinga går til thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein Verft, vil ein vesentleg del av verdiskapinga finne stad i Noreg. 

I intensjonsavtalen kombinerer ein toppmoderne teknologi frå tyske thyssenkrupp Marine Systems og lokal skipsbyggingsekspertise i det norske familieeigde Ulstein Verft.

- Medan thyssenkrupp Marine Systems har lange tradisjonar i design og bygging av marinefartøy, har Ulstein lang erfaring med unike design og løysingar for sivile fartøy som arbeider innan krevjande maritime operasjonar. Begge selskapa har ein industriell arv frå skipsbyggingsindustrien innan ulike marknader knytt til skipsdesign og skipsbygging, og er kjende for velprøvde, avanserte og utrustningsintensive skip, fortel administrerande direktør ved Ulstein Verft, Lars Lühr Olsen.

thyssenkrupp Marine Systems sin F127-fregatt er basert på det velprøvde MEKO A-400-designet, som har vore etablert i meir enn 20 år i ulike fregattklassar, og bygd på verft over heile verda. thyssenkrupp Marine Systems er allereie involvert saman med den norske marinen i bygginga av 212CD-ubåtar saman med Tyskland.

thyssenkrupp Marine Systems er eit av verdas leiande marine selskap med 8 000 tilsette ved tre verft i Kiel, Wismar og Itajaí (Brasil), og med lokasjonar over heile verda. Selskapet er aktiv som systemleverandør for ubåtar og marine overflatefartøy og for maritime elektronikk- og sikkerheitsteknologiar. Rundt 3 300 tilsette arbeider ved Kiel-anlegget, som gjer det til den største skipsverftslokasjonen i Tyskland.

Frigate Illustration thyssenkrupp Marine Systems

Fregattane vert utrusta i Noreg

-  Ulstein Verft har eitt av dei mest moderne skipsbyggingsanlegga i Noreg. Gjennom intensjonsavtalen arbeider Ulstein Verft langs ei ny retning parallelt med den sivile skipsbyggingsaktiviteten vår. Dersom fregattprosjektet vert tildelt vår samarbeidskonstellasjon vil vi sjå på moglege investeringar for å vidareutvikle produksjonen ved anlegget vårt, seier Olsen.

Han held fram:

- Ulstein Verft har ei historie som går tilbake til 1917 og har brei erfaring med toppmoderne, avanserte fartøy, både nybygg, oppgraderingar og service. Vi har dei fleste skipsbyggingsdisiplinane representerte ved det kompakte verftet vårt i Ulsteinvik og ser eit stort potensial i å samarbeide med thyssenkrupp Marine Systems i dette prosjektet. 

Verdiskaping i den maritime klynga

- Ved å slå saman kreftene i thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein, kombinerer vi ekspertisane våre for å levere toppmoderne marine løysingar samtidig som vi styrkar Noreg sin industrielle kapasitet. Vi er glade for denne moglegheita til å bygge eit langsiktig partnarskap som gagnar den maritime klynga. Avtalen er av stor verdi med omsyn til kompetanse og kunnskap, og er svært viktig for lokalsamfunnet og regionen.

- Ser ein på dette i eit lengre tidsperspektiv der levetida til fartøya blir tatt i betraktning, med behovet for vedlikehald, oppgraderingar og modernisering, er Ulstein Verft si geografiske plassering ideell for best mogleg utnytting av desse fartøya, avsluttar han.

IMG 4751 web

F127 møter behova til den norske marinen

- Denne avtalen er ein milepåle i vårt engasjement for den norske industrien, seier Joachim Wacker, leiar for produktsal og produktstrategi i thyssenkrupp Marine Systems. 

- Ulstein er ein skipsbyggar i verdsklasse med djupe røter i Noreg, og saman vil vi skape avanserte og veleigna  fregattar som møter behova til den norske marinen. Vi ser fram til eit vellykka samarbeid som vil strekke seg langt utover dette prosjektet.

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

11 03 25 YNO 321 hull arrival 10 37741379
Pressemelding

Neste TWIN X-STERN-skip: Bygginga av vindskip nummer to for BS Offshore i gong ved Ulstein Verft

Den 11. mars 2025 kom skroget til byggnummer (bnr) 321 for BS Offshore fram til Ulstein Verft. Dette markerer starten på ein ny fase i skipsbygginga. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS for såkalla 'walk-to-work'-operasjonar (W2W) der personell går over ei rørslekompensert gangbru frå skipet til ein vindturbin.

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS