Ein samla ekspertise innan fregatt- og marineplattformdesign med framtidige norske fregattar bygde i Noreg
thyssenkrupp Marine Systems har lang erfaring i å designe og levere fregattar i verdsklasse. Sidan 1980 har 78 fartøy blitt leverte på tvers av 11 ulike klassar, noko som viser deira inngåande ekspertise, innovasjon og pålitelegheit innan maritim skipsbygging.
Ulstein Group kan også vise til lange linjer når det gjeld å utvikle (og levere) dei mest avanserte marine plattformane for krevjande operasjonar. Med mange tiårs erfaring frå offshore- og spesialiserte fartøy, er Ulstein kjende for innovasjon, sikkerheit og høg operasjonell yting ved tøffe forhold.
Både Ulstein og thyssenkrupp Marine Systems er organisasjonar som legg stor vekt på leveringspresisjon og prosjektgjennomføring. Påliteleg, tidsriktig levering er eit kjennemerke for begge selskapa, noko som gjer denne partnarskapen til eit påliteleg og levedyktig alternativ for den norske marinen. Ved å kombinere dei to selskapa sine kunnskapar og erfaringar frå militær og sivil skipsbygging, representerer samarbeidet eit sterkt og framtidsretta alternativ for den norske marinen.
Bakgrunn
- Ulstein signerte ein intensjonsavtale (LOI) med tkMS den 26. mars 2025, basert på delte verdiar og strategiar.
- Begge selskapa har erfaring med å bygge fartøy i kundens heimland. Eitt eksempel er fregattprogrammet i Brasil, der tkMS realiserer desse fartøya ved sitt eige verft i landet.
- tkMS legg stor vekt på teknologioverføring, som sikrar langsiktig kompetansebygging og industriell utvikling i partnarlandet.

Byggestrategi
Med skrogproduksjon i Tyskland og utrusting i Noreg er dette ein velkjend og velprøvd modell for korleis Ulstein realiserer skipsbygging. tkMS har fleire tiår med erfaring med denne modellen og med fregattdesign.
Moglegheiter for norsk industri
Det nye designet gir betydelege moglegheiter for norske utstyrsleverandørar til å integrere sine produkt og system. Størstedelen av prosjektomfanget er planlagt å bli utført i Noreg. Utrustingsfasen åleine er forventa å engasjere 400–430 personar kontinuerleg, og i tillegg vil det vere personell frå selskap som leverer system som ventilasjon, interiør, maling med meir.
Sysselsetting og ringverknader
Multiplikatoreffekten er betydeleg: Eitt årsverk ved eit verft bidreg til mellom 3 og 3,5 årsverk i forsyningskjeda. Ytterlegare 2 til 2,5 årsverk kjem frå investeringseffektar, forbruk og skatteinntekter. Desse tala gjeld for byggefasen: Driftsfasen til fartøya vil generere ytterlegare effektar.
Konklusjon
Dette er det einaste europeiske alternativet som inkluderer bygging i Noreg – noko som medfører betydelege sysselsettings- og ringverknader. Det representerer ei stor moglegheit for verdiskaping, ikkje berre i sunnmørsregionen, men i heile den norske maritime industrien. Det gir store moglegheiter for norske leverandørar. Dette nye designet er no under utvikling, og gir betydelig potensial for dei norske maritime leverandørane, som ligg fremst i verda på sine produkt.
Omfanget er ikkje avgrensa til dei 5–6 norske fregattane – dette fregattdesignet vil også bli bygd for den tyske marinen. Det gir totalt 10-12 planlagde fregattar, og eit potensial for mange fleire.
Leverandørmøte – veke 21
Det vert leverandørsamlingar i Kristiansand (20. mai), Ålesund (21. mai), Bergen (22. mai) og Kristiansand. Desse arrangementa er ei moglegheit til å møte thyssenkrupp Marine Systems-teamet og presentere produkt og system som er relevante for fregattprogrammet.