IMG 1044

Slik skal Ulstein Verft bygge om fôrbåten Eidsvaag Pioner

Ulstein Verft skal bygge om fôrbåten Eidsvaag Pioner med eit moderne fôrsystem. Dette er eit stort og omfattande prosjekt som krev mange endringar. Særleg stort omfang er det innan stålområdet.

Publisert
08 mars 2024
Del

Ulstein Verft ønskjer å nå ut til nye kundegrupper gjennom ettermarknadsområdet sitt. Med lang erfaring i bransjen har verftet kompetanse til å utføre mange ulike prosjekt, ikkje berre innan offshore. Eit døme på eit slikt prosjekt er ombyggingsoppdraget som verftet skal gjennomføre for Eidsvaag AS.

Fjernar tankar for å gi plass til nytt fôrsystem

- Båten skal utrustast med eit nytt fôrsystem. I dag har båten 62 silotankar. Dei seks fremre siloane skal fjernast for å gi plass til ei pelletsheis frå Lachenmeier Monsun A/S, fortel Marita Myrvågnes på sal ettermarknad Ulstein Verft.

Ombygging av resterande fôrsiloar

- Medan fôret i dag vert ført ut gjennom rør frå siloane, vil det no bli ført ut med eit nytt pelletsband som krev meir plass. Det gjer at dei resterande 56 siloane blir ombygd. Skiljeveggar vert endra slik at siloane blir kopla saman parvis. Siloane vil bli modifiserte og utstyrte med 'vibrafloor', eit system som er utvikla for å sikre skånsam lossing av fôr, seier ho. Også dekket vert heva for å kompensere for redusert silokapasitet. 

Andre endringar

- Også i kompressor-romet vert det gjort endringar; Det nye fôrsystemet vil ha eit meir effektivt trykkluftsystem, og dette gjer at fem blåsemaskiner skal fjernast og to nye kompressorar kome inn. 

Eidsvaag Pioner skal også opp i dokka for mindre arbeid på framdriftssystemet og Ulstein skal i tillegg til dette ha noko ombygging på ballastsystemet, i samband med arbeid som vert utført om bord. 

- I prosjektet arbeider vi tett saman med reiarlaget og designselskapet Kongsberg Maritime, understrekar Marita, som nyleg gjennomførte overleveringsmøtet frå sal til prosjektgruppa i Ulstein Verft.

Eidsvaag AS gjer denne ombygginga for å auke fleksibiliteten og utnyttinga av fartøyet sine kapasitetar. 

- Det er veldig hyggeleg at Eidsvaag gir oss tilliten til å gjennomføre denne omfattande ombygginga for dei, seier salssjef ettermarknad i Ulstein Verft, Martin Sundgot Hansen.

- Vi har ein god ordrereserve på nybygg framover, men har god kapasitet på ettermarknadsprosjekt. Medan det er høg utnytting av dokka i løpet av året ønskjer vi særleg å skape større aktivitet ved kai, både med lengre ombyggingsprosjekt som dette, men også med mindre prosjekt. Vi har kapasitet på rør- og stålarbeid, og tilgang på andre ressursar ved verftet inkludert engineering og design. Verftet er også godt eigna for mobiliserings- og demobiliseringsoppdrag, avsluttar han.

IMG 1039

Ta kontakt

Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Beskrivelse
Sales Manager Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

IMG 1039
Oppdatering

Ny kunde med stor ombyggingskontrakt

Fredag 23. februar kom fôrbåten Eidsvaag Pioner til Ulstein Verft. Båten, tilhøyrande Eidsvaag AS på Frøya i Trøndelag skal gjennom ei stor ombygging. Arbeidet på skipet vil vare om lag 4-5 månader.

Ettermarknad
Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Sales Manager Aftermarket

Tilknytning
Ulstein Verft AS