Det skal utførast ei større ombygging på alle fôrsiloane og eit nytt lossesystem/fôrsystem skal byggast inn i båten.
Måndag 26. februar hadde Marita Myrvågnes på sal ettermarknad i Ulstein Verft eit overleveringsmøte med prosjektgruppa.
- Eidsvaag AS er ein ny kunde og vi ser frem til å ta til på arbeidet og samarbeidet. Så å seie alle fagdisiplinar kjem til å verte involverte undervegs i arbeidet. Prosjektgruppa vert leia av Kjell Ove Mork, fortel Marita.
Båten skal i hovudsak ligge ved kai, men kjem til å ha ei dokkingperiode i løpet av mars.
Eidsvaag opererer ein flåte på 14-16 fartøy og transporterer fiskefôr til oppdrettsanlegg.
Eidsvaag Pioner er bygd i 2013, har ei lengde på 74,7 meter og ei breidde på 13,6 meter.