
Varmforsinking (galvanisering)
Gjennom Vestsink, eigd av Ulstein Group, tilbyr vi varmforsinking av stål, ei effektiv og langvarig løysing for korrosjonsvern. Behandlinga bidreg til lengre levetid og lågare vedlikehaldsbehov for komponentar og konstruksjonar.
Tenesta er tilpassa maritime og industrielle behov, og kan inngå i leveransar innan nybygg, ettermarknad og oppgraderingar.

Kva er varmforsinking?
Varmforsinking er ei overflatebehandling der stål vert dyppa i smelta sink. Dette dannar eit slitesterkt belegg som vernar mot rust og ytre påverknad.
Løysinga er særleg godt eigna for krevjande miljø, der komponentar vert utsette for fukt, salt og mekanisk belasting.
Kva tilbyr vi?
- Varmforsinking for industrielle og maritime formål
- Jamn og kontrollert kvalitet
- Effektiv logistikk tilpassa prosjekt
- Fleksible leveransar, også utanfor ordinær arbeidstid etter avtale
Ein del av heilskaplege leveransar
Varmforsinking kompletterer Ulstein si verksemd innan design, bygging og livsløpstenester, og kan integrerast for å styrke kvalitet, levetid og driftstryggleik i leveransane.
Kva vi tilbyr:
Vestsink har over 50 års erfaring med varmforsinking av stål, og leverer høg kvalitet med korte leveringstider. Tenesta er leigebasert og uavhengig av eigne produkt, med fokus på trygg og presis gjennomføring. Vi tek imot oppdrag frå både industri- og privatkundar.
Ta kontakt for pris, leveringstid og avklaring av kapasitet.
Kvifor velje varmforsinking?
- Lengre levetid på komponentar
- Effektivt vern som forlenger levetida, også i krevande miljø.
- Reduserte vedlikehaldskostnader
- Mindre behov for inspeksjon og reparasjon gir lågare kostnader over tid.
- Meir robuste og driftssikre løysingar
- Betre motstand mot slitasje og korrosjon sikrar stabil drift.
Ta kontakt
Tore Liadal
Dagleg leiar
Tlf: +47 934 81 814 | Epost: [email protected]
Fasilitetar i tilknyting til Ulstein Verft
Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft som ivaretar behova dine, med tenester også utanfor verftet.

Tørrdokk og dokkhall
Det kontrollerte miljøet i ei tørrdokk gir ei optimal ramme for skipskonstruksjon og skipsreparasjonsprosjekt. Beskytta frå elementa kan arbeidarane våre arbeida trygt og effektivt, upåverka av dårleg vêr eller turbulent sjø.

Kapasitetar for landstraum
Effektive landstraumløysingar for moderne skipsbehov.

Overflatebehandling og grunning
Ved Ulstein Verft har vi lang fartstid på overflatebehandling av skrog. Dokkhallen gir oss gode fasilitetar og jobbe i og arbeidet får eit perfekt resultat.

Kranløft og transport
Vi leverer krantjenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av beltekran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og langs kysten.

Mobilisering og demobilisering
Vi tilbyr utmerka logistikkhandtering for å sikre effektiv mobilisering og demobilisering av utstyr for fartøy.

Prefabrikasjon av rør
Kaldbøying av rør – kvalitet frå idé til ferdig produkt
Med kaldbøying får du røyr med høg kvalitet og lang levetid. Prosessen gir mindre spenningar i materialet og færre sveiseskøytar – noko som aukar tryggleiken og reduserer risikoen for lekkasjar. Vi tek ansvar for heile prosessen, frå bilete og mål til ferdig røyr, og leverer raskt og effektivt.

Varmforsinking (galvanisering)
Gjennom Vestsink, eigd av Ulstein Group, tilbyr vi varmforsinking av stål, ei effektiv og langvarig løysing for korrosjonsvern. Behandlinga bidreg til lengre levetid og lågare vedlikehaldsbehov for komponentar og konstruksjonar.
Tenesta er tilpassa maritime og industrielle behov, og kan inngå i leveransar innan nybygg, ettermarknad og oppgraderingar.






