Nesten all datatrafikk mellom land går under vatn, frå videomøte og skytenester til vanlege nettsøk. OMS Group har lagt og vedlikehalde slike kablar i over 30 år, og no veks marknaden raskare enn flåten.
Etterspurnaden etter sjøkablar er større enn kapasiteten
- Etterspurnaden etter installasjon av sjøkablar er framleis større enn leveringskapasiteten i marknaden, seier Datuk Lim Soon Foo, styreleiar i OMS Group.
- Å utvide flåten handlar difor ikkje berre om å bli større, men om å sikre at selskapet framleis kan levere påliteleg til kundane i ein marknad som veks raskt.
Kva krevst av eit moderne kabelleggingsfartøy?
Eit kabelleggingsfartøy er eit flytande presisjonsinstrument. Kabelen skal leggast nøyaktig etter ruta, ofte i lang tid og i skiftande vêr. Då må alle systema om bord fungere som eitt.

Derfor valde OMS Group Ulstein
- Designet av eit kabelleggingsfartøy for telecom bygger på saumlaus integrasjon av kraftstyring, automasjon, navigasjon, ruteplanlegging og posisjoneringssystem, seier Datuk.
OMS ville ha éin partnar som kunne ta heile reisa, frå første strek på teiknebrettet til utrusting og igangkøyring.

- At Ulstein kunne tilby kompetanse på tvers av desse fagområda i eitt konsern, var ein stor fordel. Det gav ei meir integrert og effektiv løysing, understrekar Datuk.

Ulstein skilde seg ut med sterk eigen ingeniør- og innovasjonskompetanse, dokumenterte resultat og eiga utrusting og kommisjonering i Noreg.
















