Knut Flage, som er teknisk sjef for Nexans i skipsbyggingsprosjektet, fekk æra av å starte brennemaskina.
Ulstein Verft har ansvaret for skipsbygginga og førebuing for installering av kabelleggingsutstyret om bord. Ulstein Verft sin prosjektleiar, Runar Toftesund, seier: - Vi er nøgde med oppstarten av produksjonen og til å halde fram det gode samarbeidet med Nexans, Crist og Skipsteknisk.
Nybygget er Ulstein Verft sitt byggnummer 317, og ein oppdatert versjon av Nexans sitt flaggskip, Nexans Aurora, som vart levert i 2021.
Det avanserte kabelleggingsskipet er 149,9 meter langt og 31 meter breitt. Det er innreidd for 90 personar. Skipet er utstyrt med tre svingskiver, dette femner om ei svingskive på dekk med kapasitet på opp til 10 000 tonn kabel, ei svingskive under dekk med 3500 tonns kabelkapasitet og ein fiberoptisk kapasitet under dekk på 450 tonn, noko som gir totalt nærare 14 000 tonn kabelleggingskapasitet.
Fartøyet er spesialdesigna for å utføre transport og legging av ulike typar sjøkablar, inkludert kabelbunting, og gjenopphenting og reparasjon av desse. Det kan legge opp til fire kablar på same tid. Det kan arbeide effektivt også i krevjande vêrforhold, har eksepsjonell manøvreringsevne og evne til å halde seg på posisjon (dynamisk posisjonering).
Følg med på framtidige oppdateringar på Nexans sitt nybyggingsprosjekt her.