Nexans TBN 001

Ulstein Verft signerer skipsbyggingskontrakt

Den 19. september 2023 inngjekk Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft ein kontrakt på bygginga av eit stort DP3-kabelleggingsfartøy.

  • Nexans TBN 001
  • Nexans TBN 002
  • Nexans TBN 004
  • Nexans TBN 003
  • Nexans TBN 005

Ulstein Verft signerer skipsbyggingskontrakt på eit nytt kabelleggingsskip for Nexans

Den 19. september 2023 inngjekk Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft ein kontrakt på bygginga av eit stort DP3-kabelleggingsfartøy.

Skipet, som er av ST-297 CLV-designet frå Skipsteknisk, er ein oppdatert versjon av Nexans Aurora, som vart levert i 2021.

Vi tildelte kontrakten på eit nytt fartøy til Ulstein etter ein omfattande anbodsprosess, der Ulstein si merittliste, som inkluderer leveringa av Nexans Aurora, var ein viktig faktor for at vi valte Ulstein Verft på nytt. Vi ser fram til å arbeide saman med Ulstein på dette nye og spennande prosjektet,

seier Pascal Radue, EVP Generation & Transmission i Nexans.

Ulstein er svært glade for at Nexans vel å kome tilbake til Ulstein Verft for bygginga av eit nytt kabelleggingsfartøy. Trass i utfordringane med Covid-pandemien leverte vi Nexans Aurora på tid i 2021, noko som stadfestar vår lange historikk med å levere skip til avtalt tid og kvalitet. Vi ser fram til å fortsette det tette samarbeidet med Nexans og er svært fornøgde med at Nexans på nytt viser Ulstein Verft tillit ved tildeling av denne kontrakten, 

seier konsernsjefen i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti.

Det nye skipet er basert på Nexans Aurora-designet, utvikla av Skipsteknisk, som i dag spelar ei viktig rolle i Nexans si forsyning av avanserte undersjøiske høgspentsystem for å støtte elektrifisering, slik som samband mellom land og regionar, fornybare offshore-løysingar og elektrifiseringsløysingar for andre offshore-installasjonar.

Fartøyet er spesialdesigna for å utføre transport og legging av ulike typar sjøkablar, inkludert kabelbunting, og gjenopphenting og reparasjon av desse. Det kan arbeide effektivt også i krevjande vêrforhold, har eksepsjonell manøvreringsevne og evne til å halde seg på posisjon (dynamisk posisjonering). Ulstein Verft er ansvarleg for skipsbygginga og førebuing for installering av  kabelleggingsutstyret om bord.

Det avanserte kabelleggingsskipet har ei svingskive på dekk med stor kabelkapasitet på opp til 10 000 tonn kabel, ei svingskive under dekk med 3500 tonns kabelkapasitet og ein fiberoptisk kapasitet på 450 tonn. Fartøyet er 31 meter breitt, 149,9 meter langt og er innreidd for 90 personar.

Vi har lang erfaring i å bygge store og krevjande fartøy, og ser fram til å starte på arbeidet med kabelleggingsskipet til Nexans, 

seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør ved Ulstein Verft.

I over 120 år har Nexans spelt ei avgjerande rolle i elektrifiseringa. Konsernet er leiande innan design og produksjon av avanserte kabelsystem og tenester.

Ulstein Group er eit familiedrive selskap som vart etablert i 1917 og har hovudkontor i Ulsteinvik. Selskapet har aktivitet innan skipsdesign, skipsbygging, system og løysingar for den maritime marknaden.

Designselskapet Skipsteknisk i Ålesund vart grunnlagt i 1976 og designar spesialiserte fartøy med vekt på offshore, forsking og fiske.

Illustrasjonar: Skipsteknisk

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

After months out of sight in the dock hall at Ulstein Verft, Norway, the 126-passenger expedition cruise vessel ‘National Geographic Resolution’ for Lindblad Expeditions was docked out on 8th June 2021. Photo: Ulstein Group/Per Eide Studio
Artikkel

Korleis levere skipa til rett tid?

Ved planar om nybyggingsprosjekt for skip vert ofte levering til rett tid undervurdert. Forsinka levering kan potensielt representere betydeleg meirkostnad for eigaren av skipet, og levering til avtalt tid er derfor viktig. Ulstein Verft er kjend for sine presise leveringar. Kva gjer dei for å oppnå dette?

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS