Nexans Aurora delivery CR Nexans Ulstein IMG 0271

Levering av CLV-fartøyet 'Nexans Aurora'

Den siste milepælen i bygginga av Nexans Aurora vart nådd i dag, 31. mai 2021, då kabelleggingsskipet, flaggskipet i Nexans-flåten, vart levert frå Ulstein Verft.

Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet er spesialisert i transport og installasjon av undersjøiske høgspentkabelsystem og ei rekke undersjøiske konstruksjonsoppgåver. Nexans Aurora er utstyrt med spesialdesigna utstyr for transport og legging av kabel og umbilical inkludert buntlegging, kabelvern og -spleising.

Fartøyet vil ha ei viktig rolle i Nexans si forsyning av avanserte undersjøiske høgspentsystem for å støtte elektrifisering, slik som samband mellom land og regionar, fornybare offshore-løysingar og elektrifiseringsløysingar for andre offshore-installasjonar.

  • Nexans Aurora on sea trial, photo Per Eide Studio.
  • Nexans Aurora delivery CR Nexans Ulstein IMG 0271
  • IMG 0289 Nexans Aurora delivery CR Nexans Ulstein
  • Nexans Aurora delivery CR Nexans Ulstein IMG 0281

- Det er ei bragd at Nexans Aurora har vorte levert på tid trass i at ein samtidig har handtert Covid-19-pandemien, med alle implikasjonar, avgrensingar og forseinkingar innan både produksjon, innkjøp, reiserestriksjonar, karantene og mykje meir. Det er ein prestasjon at Ulstein har klart å halde Covid-19 utanom verftsområdet gjennom heile prosjektet, kommenterer Ulstein Group sin konsernsjef, Cathrine Kristiseter Marti.

Ulstein Verft sin prosjektleiar, Hans Karsten Voldsund, understrekar at det gode samarbeidet, innsatsviljen og hardt arbeid av alle involverte har vore heilt avgjerande for at prosjektet har gått så godt. 

Nexans sin prosjektleiar, Frode Beyer, seier at han er nøgd og letta etter 36 månader med konstruksjon av fartøyet. - Dette er ein minneverdig dag for prosjektteamet og for Nexans, og eg vil takke alle som har bidratt til suksessen i dette prosjektet. Vi ser no fram til å få Nexans Aurora ut i verda for å bidra til Nexans sitt ønske om å "Elektrifisere framtida" for eit grønare tilvære.

Fartøyet blir døypt i ein seremoni i Ulsteinvik 8. juni, før Nexans Aurora reiser til heimehamna Halden og Nexans sitt kompetansesenter for undersjøiske høgspentkablar.

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

After months out of sight in the dock hall at Ulstein Verft, Norway, the 126-passenger expedition cruise vessel ‘National Geographic Resolution’ for Lindblad Expeditions was docked out on 8th June 2021. Photo: Ulstein Group/Per Eide Studio
Artikkel

Korleis levere skipa til rett tid?

Ved planar om nybyggingsprosjekt for skip vert ofte levering til rett tid undervurdert. Forsinka levering kan potensielt representere betydeleg meirkostnad for eigaren av skipet, og levering til avtalt tid er derfor viktig. Ulstein Verft er kjend for sine presise leveringar. Kva gjer dei for å oppnå dette?

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS