Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group har følgjande kommentar til kontrakten:
- Vi set stor pris på at Nexans, ein solid og viktig maritim aktør, vel Ulstein til å bygge sitt nye flaggskip.
- Vi har ein svært kompetent organisasjon med lang erfaring i å levere avanserte skip til våre kundar. Denne kontrakten er vunnen i ein tøff internasjonal konkurranse. Vi ser fram til eit konstruktivt og fruktbart samarbeid med Nexans i åra som kjem.
Fartøyet vil bli utstyrt for å legge straumkablar og fiberoptiske kablar, kabelskøyting og -reparasjonar og nedgraving av kablar. Skipet av typen ST-297 CLV, er designa av Skipsteknisk, Ålesund. Fartøyet er utvikla for operasjonar i tøffe vêrforhold, med høg manøvrerings- og posisjoneringsevne. Ulstein Verft skal bygge fartøyet og førebu for montering av kabelleggingsutstyret.
Det avanserte kabelleggingsskipet har ei svingskive med stor kabelkapasitet på heile 10 000 tonn, og i tillegg ein fiberoptisk kapasitet på 450 tonn. Fartøyet er 31 m breitt og 149,9 m langt. Det har dødvekt på 17 000 tonn, og kan innkvartere 90 personar.
- Vi har lang erfaring i å bygge store og krevjande fartøy, og ser fram til å starte på arbeidet med kabelleggingsskipet til Nexans, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.
Nexans har kjerneverksemd innan avanserte kablings- og tilkoblingsløysingar. Med ei 120-årig historie har selskapet meir enn 26 000 tilsette.
Ulstein Group er eit familiedrive selskap som vart etablert i 1917 og med hovudkontor i Ulsteinvik. Selskapet har aktivitet innan skipsdesign, skipsbygging, system og løysingar for den maritime marknaden.
Designselskapet Skipsteknisk i Ålesund vart grunnlagt i 1976 og designar spesialiserte fartøy med vekt på offshore, forsking og fiske.