Sjøsetting av bygg 147 på Salthammer.

Sjøsette bygg 147 på Salthammer

Måndag 20. september hadde Ulstein Verft si tungløftsavdeling eit nytt oppdrag ved Salthammer Båtbyggeri på Remmem i Vestnes. Der vart bygg 147, ein arbeidsbåt for Nærøysund Aquaservice i Trøndelag, sjøsett i samløft med mobilkrana på lekteren og verftet si hallkran.

  • Aqua Fighter er ein arbeidsbåt for Nærøysund Aquaservice.

Ulstein brukte Flex-lekteren til å frakte mobilkrana, sistnemnde av typen Demag CC2800-1, til Salthammer. Krana har kapasitet til å løfte 400 tonn når ho står på lekteren, og 600 tonn når ho står på land.

Bygg 147 frå Salthammer Båtbyggeri er ein katamaran som måler 15 x 12 meter av designet CoastCatW15. Dette vert det første stålfartøyet blant servicebåtane til Nærøysund Aquaservice, i følge pressemeldinga frå partane då skipsbyggingskontrakten vart signert.

Tungløftsavdelinga opererer langs heile norskekysten. I tillegg til lekter og kran, har vi også to multiwheelers av typen Goldhofer SPMT (self-propelled modular transporter) for forflytting av tyngre kolli.

Latest news

Orient Adventurer inclining test 1
Oppdatering

Krengeprøve gjennomført på Orient Adventurer: Ettermarknadstenester som gjer fartøy klare for nye roller

Ombygging og remobilisering av fartøy krev meir enn teikningar og utrekningar. Nyleg arbeid på Orient Adventurer, som no blir førebudd for kabellegging, viser kor avgjerande inngåande kunnskap om fartøyet si operasjonelle historie er for å kunne levere sikre, klassegodkjende løysingar. Gjennom ettermarknadstenestene til Ulstein støttar vi komplekse skipsoppgraderingar med ingeniørkompetanse innan stabilitet og vekt. Det inkluderer planlegging og gjennomføring av krengeprøver for ombyggings- og levetidsforlengingsprosjekt.

Ettermarknad
Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029
Artikkel

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Skipsdesign