Olympic Pegasus 1

Eit siste gjensyn

20 år etter at det Ulstein-designa skipet Olympic Pegasus forlét Ulstein Verft, la ho igjen til ved kai. Og truleg for aller siste gong.

Publisert
10 januar 2022
Del

Olympic Pegasus vart bygd ved Ulstein Verft og levert i 2002. No, 20 år seinare, har tungløftsavdelinga ved Ulstein gjort ein siste jobb på fartøyet før det skal fraktast til nye eigarar i Kina.

Olympic Pegasus 2
Beltekrana i aksjon med å flytte A-ramma.

Kirurgisk presisjon

Jobben med å få plass den 173 tonn tunge A-ramma gjekk knirkefritt. Med nærast kirurgisk presisjon blei A-ramma løfta om bord, og plassert på bolthola med diameter på storleik med ein golfball. Det er truleg siste gang det Ulstein-designa A101-skipet ligg til kai ved Ulstein.

Olympic Pegasus 5
Presisjon må til når 173 tonn skal flyttast.
Olympic Pegasus 3
A-ramma kjem om bord.

Laurdag 8. januar assisterte avdelinga då skipet blei flytta bort til det nedsenkbare tunglastfartøyet Tai An Kou som tok Olympic Pegasus som dekkslast. No skal båten bli frakta til Kina for å gjere tjeneste der.

Leiar for tungløftsavdelinga, Jostein Sørnes, takkar Olympic Shipping for oppdraget med å få på plass A-ramma.

Olympic Pegasus 7 Per Eide Studio
Olympic Pegasus takast ombord på frakteskip. Foto: Per Eide Studio.

Ta kontakt

DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Beskrivelse
Section leader Heavy Lift/NDT operator
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

Mobilkranloeft i Hamar Hamar kommune 2
Artikkel

Mobilkrana på første innlandsoppdrag

Etter 44 mil på vegen over fjellet frå Ulsteinvik, demontert og fordelt på 16 semitrailerlass, kom Ulstein Verft si mobilkran fram til Hamar for å løfte på plass ein del av Espern bru tredje helga i oktober 2023. Dette er første gongen tungløftsavdelinga gjennomfører oppdrag borte frå kysten.

Kranløft
DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tilknytning
Ulstein Verft AS