Utviklingsprosjektet Espern bydel
I Hamar er det på gong eit stort utviklingsprosjekt for 1500 nye bustader. I samband med dette har det vorte bygd brufundament for Espern bru, som skal gå over togbana og gi tilkomst til den nye bydelen.
Brua har vore under produksjon, og no skal brudelane løftast frå bakkenivå og opp til brufundamenta.
- Vi har vorte litt forseinka som følgje av vanskar med å få tak i stål, men no var tida komen for det første bruløftet. Brua er delt i fire seksjonar, som er fordelte på tre løft. Det var seksjon 2 som skulle løftast no, fortel prosjektleiar for byggherren Hamar kommune, Krister Helland Skjærbekk.
Eit løft på 244 tonn
I følgje leiar for tungløftsavdelinga, Jostein Sørnes, er dette løftet på 244 tonn. Mobilkrana, ein Terex CC2800-1, har ein makskapasitet på 600 tonn.
Avdelinga har utført oppdrag langs heile norskekysten, men det er aller første gong at mobilkrana vert leigd inn til å gjere arbeid i innlandet.
Oppdraget i Hamar
- Vi måtte ta sund heile krana, smøre henne og få ho fordelt på heile 16 semitrailerlass, så det er ingen liten operasjon, fortel Sørnes.
Det er Westkran som står for prosjekteringa og organiseringa av løftearbeidet, og som har leigd inn kran og tenester frå Ulstein Verft. Tungløftsavdelinga stilte med to personar til å rigge opp og operere krana. Sjølve løfteoppdraget gjekk veldig greitt, og krana er no demontert på nytt og frakta til Ulsteinvik .
- I første kvartal skal seksjon 3 og 4 løftast i eitt løft, og det siste løftet er seksjon 1, seier Skjærbekk.
Ein ny bydel
Når Espern bru opnar i 2024 vil det gi tilkomst til ein heilt ny bydel med strandpromenade, bustader, parkareal og servicefunksjonar, og mange personar vil bu og jobbe her.