
Industrimekanikar
Ver med å bygge, klargjere og ferdigstille mekaniske løysingar for moderne fartøy i utvikling.
Kva gjer ein industrimekanikar i Ulstein?
Som industrimekanikar i Ulstein spelar du ei viktig rolle i å få framdriftssystem, mekaniske komponentar og maskineri til å fungere slik dei skal. Du er tett på sjølve hjartet i skipa, der du monterer, testar og ferdigstiller system som er avgjerande for både drift, tryggleik og kvalitet. Arbeidet ditt er ein sentral del av byggjeprosessen, og gjennom grundig testing og nøyaktig montering bidreg du til at skipa er klare for nye oppdrag når dei forlet verftet. Her får du bruke fagkunnskap, praktiske ferdigheiter og eit godt auge for detaljerte mekaniske løysingar i eit fagmiljø som verdset kvalitet og presisjon.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Kven trivst i denne rolla?
Du trivst når du får arbeide praktisk og teknisk, og du har eit naturleg blikk for korleis mekaniske system heng saman. Du tek gjerne ansvar, held deg orientert og leitar aktivt etter informasjon når du treng det. Du er ein person som likar å finne løysingar, lære nye metodar og bidra til framdrift i prosjekta. Struktur, nøyaktig arbeid og evna til å halde oversikt er viktige styrkar hos deg, og du set pris på eit arbeidsmiljø der ein samarbeider tett, men òg har rom for å jobbe sjølvstendig på eigne system eller område. Ein positiv haldning og interesse for mekaniske prosessar gjer deg godt rusta for rolla.
Ein dag som industrimekanikar
Ein vanleg dag startar ofte i verkstaden med ei kort gjennomgang av oppgåvene som ventar. Derifrå kan arbeidsdagen ta ulike retningar. Kanskje held du fram med montering av eit maskinsystem du jobba på dagen før, eller kanskje får du nye oppgåver der du skal rigge, rette opp og feste mekaniske komponentar om bord. Nokre dagar arbeider du med propellanlegg eller framdriftssystem, andre dagar er du involvert i testing og oppstart for å sikre at alt fungerer som det skal. Handtering av olje og smøresystem er òg ein viktig del av kvardagen, der reinslegheit og nøyaktig kontroll er avgjerande for trygg handtering og miljøomsyn. Du jobbar tett med fag som elektro, rør og sveising, og samarbeidet gir god flyt i arbeidet og god forståing av korleis alle systema i skipet heng saman.

Noko av det vi tilbyr:
- Fagleg utvikling
- Vi prioriterer deling av kunnskap og ferdigheiter gjennom ulike opplæringsprogram, både interne og eksterne, samt gjennom læring i det daglege arbeidet. Moglegheit for vidare utdanning.
- Ekstra fri i høgtida
- I tillegg til ordinær ferie får du ekstra fri hos Ulstein – med betalt fri både julaftan og nyttårsaftan, slik at du kan nyte høgtida skikkeleg.
- Trygg og føreseieleg pensjonsoppbygging
- Ulstein tilbyr ei konkurransedyktig pensjonsordning som sikrar deg ei trygg og føreseieleg oppbygging av pensjon gjennom heile yrkeslivet.
- Kantine med meirsmak
- Vi har fleire kantiner på området, der du får servert varm og variert lunsj kvar dag til ein rimeleg pris.
- Sosiale samankomstar
- Gjennom året samlast vi ved fleire høve. Vi arrangerer sommar- og haustfestar, julebord og andre sosiale aktivitetar. I tillegg inviterer vi til meir spontane samankomstar, som skidag, fjelltur eller ulike andre aktivitetar. Vi har også shuffleturnering den siste fredagen kvar månad.
- Sprek i Ulstein
- Vi tilbyr vekentleg fellestrening, som volleyball, styrke og løping. I tillegg får du tilgang til familiekort til symjehallen på Ulstein Arena, og det er mogleg å vere med på utvalde løp som Ulstein støttar. I tillegg engasjerer vi oss i lokale tur- og aktivitetsinitiativ, som t.d. Stikk UT!
- Levande lokalsamfunn
- Ulstein spelar ei aktiv rolle i å styrke og vidareutvikle lokalsamfunnet. Vi bidreg med støtte til idrettslag, frivillige initiativ og aktivitetstilbod som Ulsteinhallen og Ulstein Arena, som er viktige møteplassar for både barn, unge og vaksne. Gjennom slike bidrag er vi med på å legge til rette for gode oppvekstmiljø, fysisk aktivitet og sosiale arenaer som kjem heile kommunen til gode.