
Elektrikar
Elektrofaget skapar funksjonelle og framtidsretta løysingar om bord i nye fartøy.
Kva gjer ein elektrikar i Ulstein?
Som elektrikar i Ulstein er du ein del av eit fagmiljø som bygger framtida, bokstaveleg talt. Du er med og gir liv til skipa som tek form på verftet, og kvar kabel du strekkjer, kvart system du koplar, bidreg til at avanserte maritime løysingar faktisk fungerer.
Du vekslar mellom planlegging og praktisk arbeid, og dagane byr på alt frå å tolke teikningar til å finne smarte løysingar saman med kollegaer på andre fagfelt. Det er eit miljø der folk heiar på kvarandre, der humor og godt samarbeid går hand i hand med høg kvalitet og sikkerheit. Ingen prosjekt er like, og det er nettopp det som gjer arbeidsdagane ekstra givande.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Kven trivst i denne rolla?
Du likar å bruke både hovudet og hendene, og du har eit naturleg blikk for kvalitet. Du er utdanna elektrikar/elektromontør Gr. L og set pris på å omsetje tekniske teikningar til løysingar som fungerer ute i skipet.
Når ting endrar seg, slik dei ofte gjer i store prosjekt, så held du roen, kommuniserer tydeleg og bidreg til å skape god flyt i teamet. Du er nysgjerrig og lærevillig, og du tek ansvar for eiga utvikling. Struktur, nøyaktig arbeid og evna til å halde tempo når det trengst er eigenskapar som vil hjelpe deg å lykkast her.
Ein dag som elektrikar
Ein vanleg dag kan starte med ein kopp kaffi og gjennomgang av dagens seksjonar og teikningar, før du tek på deg hjelmen og går ut i produksjonen. Kanskje ventar kabeltrekking i eit maskinrom, kanskje finjustering av eit system som nærmar seg ferdigstilling.
Nokre dagar er teknisk utfordrande, andre er meir fysisk, og innimellom står du midt i eit samarbeid med fleire fag som må spele på lag for at ting skal stemme. Det som er sikkert, er at du sjeldan har to like dagar og at du heile tida er tett på prosessane som får eit skip til å ta form.

Noko av det vi tilbyr:
- Fagleg utvikling
- Vi prioriterer deling av kunnskap og ferdigheiter gjennom ulike opplæringsprogram, både interne og eksterne, samt gjennom læring i det daglege arbeidet. Moglegheit for vidare utdanning.
- Ekstra fri i høgtida
- I tillegg til ordinær ferie får du ekstra fri hos Ulstein – med betalt fri både julaftan og nyttårsaftan, slik at du kan nyte høgtida skikkeleg.
- Trygg og føreseieleg pensjonsoppbygging
- Ulstein tilbyr ei konkurransedyktig pensjonsordning som sikrar deg ei trygg og føreseieleg oppbygging av pensjon gjennom heile yrkeslivet.
- Kantine med meirsmak
- Vi har fleire kantiner på området, der du får servert varm og variert lunsj kvar dag til ein rimeleg pris.
- Sosiale samankomstar
- Gjennom året samlast vi ved fleire høve. Vi arrangerer sommar- og haustfestar, julebord og andre sosiale aktivitetar. I tillegg inviterer vi til meir spontane samankomstar, som skidag, fjelltur eller ulike andre aktivitetar. Vi har også shuffleturnering den siste fredagen kvar månad.
- Sprek i Ulstein
- Vi tilbyr vekentleg fellestrening, som volleyball, styrke og løping. I tillegg får du tilgang til familiekort til symjehallen på Ulstein Arena, og det er mogleg å vere med på utvalde løp som Ulstein støttar. I tillegg engasjerer vi oss i lokale tur- og aktivitetsinitiativ, som t.d. Stikk UT!
- Levande lokalsamfunn
- Ulstein spelar ei aktiv rolle i å styrke og vidareutvikle lokalsamfunnet. Vi bidreg med støtte til idrettslag, frivillige initiativ og aktivitetstilbod som Ulsteinhallen og Ulstein Arena, som er viktige møteplassar for både barn, unge og vaksne. Gjennom slike bidrag er vi med på å legge til rette for gode oppvekstmiljø, fysisk aktivitet og sosiale arenaer som kjem heile kommunen til gode.