
Arbeidsleiar
Ei nøkkelrolle som held arbeid, ressursar og framdrift samla mot trygg og kvalitetssikker leveranse.
Kva gjer ein arbeidsleiar i Ulstein?
Som arbeidsleiar i Ulstein er du ein viktig del av maskineriet som får produksjonen til å gå framover. Du knyter saman fag, folk og framdrift, og sørgjer for at arbeidet på verftet skjer trygt, effektivt og med høg kvalitet. Samtidig er du ein støttespelar for dei som står ute i felt, og du legg til rette for at dei kan gjere jobben sin på ein god måte. Det du bidreg med, er avgjerande for at skip og system skal ta form på ein ryddig og gjennomførbar måte.

Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Kven trivst i denne rolla?
Du trivst når du får kombinere fagkunnskap med menneskelege relasjonar. Bakgrunnen din kan vere frå tekniske fag eller produksjon, og du har eit godt auge for teikningar, planar og arbeidsunderlag. Du er tydeleg utan å vere høglydt, du skapar tillit og du held roen også når ting endrar seg raskt. Du likar å ha oversikt, planleggje og koordinere, samstundes som du ikkje er redd for å vere operativ når situasjonen krev det. Nysgjerrig, strukturert og løysingsorientert er ord som passar godt på deg, og du tek ansvar for at både du og teamet leverer som avtalt.
Ein dag som arbeidsleiar
Ein vanleg dag startar gjerne med gjennomgang av planar, ressursar og behov før du fordeler oppgåver og sørgjer for at alle har det dei treng for å jobbe trygt og effektivt. Deretter ventar ofte ei blanding av koordinering, avklaringar med andre fag, oppfølging ute i produksjonen og praktisk problemløysing. Kanskje dukkar det opp ei justering i planen, ein ny prioritet eller ei utfordring som må løysast raskt. Andre gongar handlar det om å sikre god flyt, følgje opp framdrift og vere til stades for teamet ditt. Variasjonen er stor, og du bruker både teknisk forståing, leiareigenskapar og praktisk vurderingsevne i ein kvardag der ingen dagar er heilt like.

Noko av det vi tilbyr:
- Fagleg utvikling
- Vi prioriterer deling av kunnskap og ferdigheiter gjennom ulike opplæringsprogram, både interne og eksterne, samt gjennom læring i det daglege arbeidet. Moglegheit for vidare utdanning.
- Ekstra fri i høgtida
- I tillegg til ordinær ferie får du ekstra fri hos Ulstein – med betalt fri både julaftan og nyttårsaftan, slik at du kan nyte høgtida skikkeleg.
- Trygg og føreseieleg pensjonsoppbygging
- Ulstein tilbyr ei konkurransedyktig pensjonsordning som sikrar deg ei trygg og føreseieleg oppbygging av pensjon gjennom heile yrkeslivet.
- Kantine med meirsmak
- Vi har fleire kantiner på området, der du får servert varm og variert lunsj kvar dag til ein rimeleg pris.
- Sosiale samankomstar
- Gjennom året samlast vi ved fleire høve. Vi arrangerer sommar- og haustfestar, julebord og andre sosiale aktivitetar. I tillegg inviterer vi til meir spontane samankomstar, som skidag, fjelltur eller ulike andre aktivitetar. Vi har også shuffleturnering den siste fredagen kvar månad.
- Sprek i Ulstein
- Vi tilbyr vekentleg fellestrening, som volleyball, styrke og løping. I tillegg får du tilgang til familiekort til symjehallen på Ulstein Arena, og det er mogleg å vere med på utvalde løp som Ulstein støttar. I tillegg engasjerer vi oss i lokale tur- og aktivitetsinitiativ, som t.d. Stikk UT!
- Levande lokalsamfunn
- Ulstein spelar ei aktiv rolle i å styrke og vidareutvikle lokalsamfunnet. Vi bidreg med støtte til idrettslag, frivillige initiativ og aktivitetstilbod som Ulsteinhallen og Ulstein Arena, som er viktige møteplassar for både barn, unge og vaksne. Gjennom slike bidrag er vi med på å legge til rette for gode oppvekstmiljø, fysisk aktivitet og sosiale arenaer som kjem heile kommunen til gode.